Totti Bergh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Totti Bergh
Fødd5. desember 1935
FødestadOslo
Død4. januar 2012
DødsstadOslo
OpphavNoreg
Sjangerjazz
Instrumentsaksofon, klarinett
PlateselskapGemini Records
Verka somjazzmusikar, saksofonist, komponist
Gift medLaila Dalseth
PrisarBuddyprisen

Theodor Christian Frølich «Totti» Bergh (5. desember 19354. januar 2012) var ein norsk jazzsaksofonist frå Oslo.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Totti Bergh var bror til jazzjournalisten Johannes Bergh. Totti lærte fyrst å spela klarinett, men gjekk over til saksofon i 1952. Han har spelt i ulike grupper, m.a. banda til Einar Schanke, Rowland Greenberg, Kjell Karlsens storband, Per Borthens Swing Department Ltd, Christiania Jazzband, Christiania 12 og han spelte live på amerikabåten.

Totti Bergh vart gift med jazzvokalisten Laila Dalseth, og spelte også saman med henne frå 1979 i kvintettar og orkester. På plater har han også spelt med USA-amerikanske jazzmusikarar som Al Cohn, Plas Johnson og Harry Allen.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]