Touchstone Television

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Touchstone Television er eit amerikansk selskap som produserer fjernsynsseriar. Selskapet har The Walt Disney Company som eigar. Det produserer hovudsakleg seriar for Disney Channel, ABC og alle andre ABC-kanalar (det har òg produsert og produserer seriar for rivalane NBC og CBS). Selskapet er ei nyskaping av Touchstone Pictures, det fyrste Disney-eigde selskapet som ikkje hadde Walt Disney-namnet i seg.