Toulouse Street

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toulouse Street
Studioalbum av The Doobie Brothers
Språk engelsk
Utgjeve 1. juli 1972
Innspelt 1972
Studio Warner Bros. Studios i Nord-Hollywood og Wally Heider Studios i San Francisco
Sjanger Rock
Lengd 35:33
Selskap Warner Bros.
Produsent Ted Templeman
The Doobie Brothers-kronologi 
The Doobie Brothers
(1971)
Toulouse Street The Captain and Me
(1973)


Singlar frå Toulouse Street
  1. «Listen to the Music» / «Toulouse Street»
    Utgjeve: 19. juli 1972
  2. «Jesus Is Just Alright» / «Rockin' Down the Highway»
    Utgjeve: 15. november 1972
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]
Christgau's Record GuideC[2]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[3]
The Great Rock Diskografi6/10[4]
MusicHound Rock3.5/5[5]
Rolling Stone(positiv)[6]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[7]

Toulouse Street er det andre studioalbumet til den amerikanske rockegruppa The Doobie Brothers, utgjeve 1. juli 1972 på Warner Bros. Records.

Det var det første albumet deira med den nye bassisten Tiran Porter og den andre trommeslagaren Michael Hossack, som vart henta inn for å utfylle trommeslagaren John Hartman, slik at dei no hadde to trommeslagarar samstundes.

Toulouse Street er namnet på ei gate i French Quarter i New Orleans. Bileta på plateomslaget og innsida av omslaget er tekne frå eit tidlegare bordell på Toulouse Street.

Albumet inneheld hittane «Listen to the Music» og «Jesus Is Just Alright», og vart gjennombrotet deira då det kom ut i juli 1972. I samarbeid med manageren Bruce Cohn, produsenten Ted Templeman og lydteknikaren Donn Landee, gav bandet ut eit meir polert og eklektisk album. Pianisten Bill Payne frå Little Feat spelte klaverinstrument med bandet for første gongen og starta eit samarbeid som kom til å vare mange tiår. Han var òg ei kort stund, to veker, på turné i lag med bandet tidleg i 1974.[8]

Allmusic skreiv om albumet: «Toulouse Street har faktisk ein ganske lik stil fleire stader som det Eagles gjorde på same tid, utanom at The Doobies kasta litt jazz og R&B inn i miksen, i tillegg til country, folk og bluegrass. Dei to singlane «Listen to the Music» og «Jesus Is Just Alright» representerte berre toppen av isfjellet i forhold til kva gruppa hadde å tilby. Johnston sin «Rockin' Down the Highway» syner eit band som arbeider på eit høgare gir og flyttar seg inn i Creedence Clearwater Revival-territoriet, medan «Mamaloi» var Patrick Simmons sin tilbakelente karibiske idyll, medan tittelsporet (òg av Simmons) er ein stemningsskapande, vakker ballade. Bandet går over til swamprock for «Cotton Mouth» og tek ein venstresving inn i Mississippideltaet for ein versjon av Sonny Boy Williamson II sin «Don't Start Me Talkin'», før dei går over i gospelmodus med «Jesus Is Just Alright». Den nesten sju minuttar lange Johnston-songen «Disciple» var den typen høgtflygande, bluesaktige hardrocksong som førte til at gruppa vart samanlikna med The Allman Brothers Band[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)VokalLengd
1.«Listen to the Music»Tom JohnstonTom Johnston, Pat Simmons4:44
2.«Rockin' Down the Highway»JohnstonJohnston3:18
3.«Mamaloi»Patrick SimmonsJohnston2:28
4.«Toulouse Street»SimmonsSimmons3:20
5.«Cotton Mouth»James Seals, Darrell CroftsJohnston3:44
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)VokalLengd
6.«Don't Start Me to Talkin'»Sonny Boy WilliamsonJohnston2:41
7.«Jesus Is Just Alright»Arthur Reid ReynoldsSimmons4:33
8.«White Sun»JohnstonJohnston2:28
9.«Disciple»JohnstonJohnston6:42
10.«Snake Man»JohnstonJohnston1:35

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Doobie Brothers:

Andre medverkande:

  • Bill Paynepiano på «Rockin' Down the Highway» og «Don't Start Me to Talkin'», orgel på «Cotton Mouth» og «Jesus Is Just Alright»
  • Dave Shogren – bass and akustisk gitar på «Toulouse Street», korvokal på «White Sun»
  • Jerry Jumonvilletenorsaksofon på «Cotton Mouth» og «Don't Start Me to Talkin'»
  • Jon Robert Smithtenorsaksofon på «Cotton Mouth» og «Don't Start Me to Talkin'»
  • Joe Lane Davis – barytonsaksofon på «Cotton Mouth» og «Don't Start Me to Talkin'»
  • Sherman Marshall Cyr – trompet på «Cotton Mouth» og «Don't Start Me to Talkin'»
  • Ted Templeman – ekstra perkusjon
  • ikkje oppførtfløyte på «Toulouse Street»

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent: Ted Templeman
  • Ekstra produsentar på spor 4, 8 & 10: Stephen Barncard og Marty Cohn
  • Lydteknikar: Stephen Barncard, Marty Cohn, Donn Landee
  • Produksjonskoordinasjon: Benita Brazier
  • Design: Barbara Casado, John Casado
  • Ommastering: Lee Herschberg
  • Fotografi: Jill Maggid, Michael Maggid
  • Kunstnarisk leiar: Ed Thrasher
  • Blåsararrangement på spor 5 & 6 : Jerry Jumonville

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1972 Pop Albums 21

Singlar

År Singel Liste Plassering
1972 «Listen to the Music» Pop Singles 11
1973 «Jesus Is Just Alright» Pop Singles 35

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Bruce Eder. «Toulouse Street - The Doobie Brothers». AllMusic. Henta 1. november 2020. 
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: D». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 1. november 2020 – via robertchristgau.com. 
  3. Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0857125958. 
  4. Strong, Martin Charles (2002). «The Doobie Brothers». The Great Rock Diskografi. The National Academies. ISBN 1-84195-312-1. 
  5. «The Doobie Brothers - Toulouse Street». Henta 28. november 2019. 
  6. Steve Ditlea (12. oktober 1972). «The Doobie Brothers: Toulouse Street». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2. oktober 2007. Henta 1. november 2020. 
  7. Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 253. ISBN 0-7432-0169-8. 
  8. Jackson, Blair. «Little Feat Article - Feb 2001» Arkivert 2014-01-01 ved Wayback Machine. – MixOnline.com.
  9. Mastropolo, Frank (29. november 2012). «Doobie Brothers' Tom Johnston Reflects on 'Listen to the Music' at 40». Ultimate Classic Rock. Henta 1. november 2020.