Touques

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Touques
elv
none  Breidda av Touques i Trouville-sur-Mer.
Breidda av Touques i Trouville-sur-Mer.
Land Frankrike Frankrike
Kjelde Perche
 - høgd 270 m moh
Munning Den engelske kanalen
Lengd 104 km km
Nedslagsfelt 1 305 km² km²
Vassføring
 - middel 13 5 m³/s /s
Wikimedia Commons: Touques River

Touques er ei 104 km lang kystelv i Pays d'Auge i Normandie i Frankrike. Touques er framkomeleg opp til Pont des Belges, 800 m frå elvemunningen. Ho har sitt utspring i Percheåsane sør for Gacé. Ho renn nordover og munnar ut i Den engelske kanalen mellom kommunane Deauville og Trouville-sur-Mer nordvest i departementet Calvados. To hamner, ved Trouville-sur-Mer og Deauvill, ligg på motsett side av elvemunningen.

Touques vart omleia og retta opp på slutten av 1800-talet, og dei omliggande myrområda vart tørka opp og bygd på. Trouville-Deauville-stasjonen vart bygd over det tidlegare elveleiet.

Hamna i Trouville vart gjenoppbygd på slutten av 1990-åra på grunn av erosjon.

Touques renn gjennom følgjande departement og byar: