Tove Elise Madland
Tove Elise Madland | |
Fødd | 10. mars 1965 (58 år) |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar |
Tove Elise Madland (fødd Olsen, 10. mars 1965) er ein norsk helsearbeidar og politikar frå Randaberg i Rogaland, busett i Vats i Vindafjord. Ho er sidan 2021 stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og frå Rogaland.
Madland var frå 1995 medlem av kommunestyret i Vindafjord kommune. I fire valperiodar representerte ho Kristeleg Folkeparti. Etter 2015 representerte ho Arbeidarpartiet og var frå 2019 varaordførar i kommunen. Hausten 2021 vart ho vald inn på Stortinget frå Rogaland og for Arbeidarpartiet. På Tinget var ho i fem veker medlem i Kontroll- og konstitusjonskomiteen, frå 26. november 2021 har ho hatt sete Helse- og omsorgskomiteen.