Tove Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tove Lie
Fødd 3. april 1963
Trysil
Yrke journalist, redaktør

Tove Lie (fødd 3. april 1963) er ein norsk journalist og redaktør frå Landsjøåsen i Trysil som også har vore forlagsdirektør i Det Norske Samlaget frå 1. september 2008 til 3. februar 2011.

Lie har tidlegare vore ansvarleg redaktør og dagleg leiar i avisa Nationen. Før dette har ho vore vaktsjef, redaksjonssjef og nyhenderedaktør i same avis, og overtok som ansvarleg redaktør og administrerande direktør 3. mars 2005. Før ho byrja i Nationen var Lie mellom anna journalist og konst.redaktør i Ny Tid, journalist i Klassekampen,Arbeiderbladet, Fagbladet og LO-aktuelt. I studietida hennar ved Universitetet i Trondheim var ho òg journalist og redaktør i Under Dusken – studentavisa i Trondheim. Lie er cand.mag. med faga sosiologi, psykologi og historie.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]