Tove Mohr
Tove Mohr | |||
| |||
Fødd | 3. mars 1891 Thorsø herregård | ||
---|---|---|---|
Død | 26. august 1981 (90 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Norges Kommunistiske Parti, Arbeidarpartiet | ||
Yrke | skribent, lege, gynekolog | ||
Mor | Katti Anker Møller | ||
Far | Kai Møller | ||
Ektefelle | Otto Lous Mohr | ||
Barn | Tove Pihl, Kai Mohr |
Tove Kathrine Mohr (3. mars 1891–26. august 1981) var ein norsk lækjar og sosial-reformator. Til liks med mor si, kvinnesaksforkjemparen Katti Anker Møller, arbeidde Mohr for mødrehygiene og abortsak. I abortspørsmålet tok ho til ords for at kvinna sjølv måtte bestemme. Også i fråhaldssaka engasjert ho seg sterkt, ho såg samanheng mellom dei to saksområda.
Tove Møller voks opp i eit frisinna miljø på herregarden Thorsø i Østfold. Ho tok artium i 1909 og reiste året etter til London, der ho deltok i suffragettene sine demonstrasjon for kvinnestemmeretten. Frå 1910 studerte ho medisin, embetseksamen tok ho i 1917, tre år etter ho gifta seg med Otto Lous Mohr. I 1918 reiste ekteparet til USA, der ho arbeidde på Women's Hospital ved Columbia University. Etter opphaldet i USA arbeidde Tove Mohr både på den kirurgiske avdelinga ved Ullevål sykehus, ved Kvinneklinikken og ved barneavdelinga til Rikshospitalet, alle saman i Oslo. I 1922 opna ho privat legepraksis, og frå 1926 var ho lege ved nyoppretta Bethanien fødehjem. Åra 1928–31 underviste ho i fysiologi og helselære ved Statens lærerinneskole på Stabekk.
Elles var Tove Mohr medlem i Straffelovkomiteen av 1922, formann i Oslo edruskapsnemnd i fleire år, medlem av Oslo verjeråd og av tilsynskomiteen for Landsfengselet for kvinner. I 1934 var ho med i Justisdepartementet sin komité til revisjon av abortlovgjevinga. I tillegg var ho medlem i skulestyre i Oslo, Sosialdepartementet sin komite til revisjon av rusdrikklova i 1947 og formann i Oslo Mødrehygienekontor 1948–52.