Tove Pihl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tove Pihl
Fødd21. desember 1924
Død20. januar 1987
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversity of Chicago
University of Rochester
MorTove Mohr
FarOtto Lous Mohr
EktefelleAlexander Pihl

Tove Agnethe Pihl (21. desember 192420. januar 1987) var ein norsk pedagog og politikar. Ho satt på Stortinget for Arbeidarpartiet 1969 til 1973.

Pihl var dotter av professor Otto Lous Mohr og legen og kvinnesaksforkjemparen Tove Mohr. Ho var gift med Alexander Pihl. Bestemora hennar var Katti Anker Møller.

Under andre verdskrigen var ho medlem i etterretningsorganisasjonen XU.[1]

Pihl studerte psykologi og pedagogikk i USA, før ho vart lærer på Bjølsen skule i Oslo. I 1963 vart ho overlærer på nyopna Krossvoll skule, ei stilling ho hadde til ho døydde i 1987.

I 1969 vart Pihl innvald på Stortinget frå Oslo. Ho sat som representant for Arbeidarpartiet i éin periode fram til 1973, og var medlem i Justiskomitéen.

Ho var, blant fleire offentlege verv og styreverv, medlem i skulestyret i Oslo 1956 til 1960, og formann i Skulerådet i Oslo 1960 til 1964. Ho var òg styremedlem i Nei til atomvåpen 1980 til 1986.

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. Sæter, Einar (1917-2010) (1995). XU: i hemmeleg teneste 1940-1945. [Oslo]: Samlaget. ISBN 8252145353. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]