Tovebrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit tovebrett eller ei tovefjøl er eit trestykke med riller som vert brukt til toving av mindre ullting. Tovebrettet liknar noko på eit smalt vaskebrett.

Tovebrett har utskorne riller som kan ha ulik utforming. Det ein skal tove vert gnidd over tovebrettet saman med såpe og lunka vatn. Når det har vore mykje som skal tovast, til dømes vadmålsstoff, har det vorte brukt vadmålsstamper.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Harald Kolstad:Gamle redskaper Små antikviteter. N.W.Damm & SØN AS. 2002. ISBN 82-496-0445-8