Toventunnelen
Tunnelinnslaget ved Brattlia i Drevja. | |
| Lengd | 10 665 meter |
|---|---|
| Trafikk | 1 463 (2023)[1] |
| Opna | 22. november 2014 |
![]() Toventunnelen 66°03′12″N 13°11′30″E / 66.0533°N 13.1917°E | |
Toventunnelen er ein 10,7 km lang vegtunnel på fylkesveg 78 i Nordland mellom Leirfjord og Vefsn kommunar. Tunnelen vart opna 22. november 2014.[2] Tunellen går gjennom fjellet Toven, mellom Leirosen i Leirfjord og Brattlia i Drevja. Det er den lengste tunnelen i Nord-Noreg, og avløyste ei lite framkommeleg strekning av fv 78, med særs dårleg standard.[3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Hæhre Entreprenør AS var hovudentreprenør for arbeidet med denne strekninga av fv 78. Arbeidet tok til i januar 2010, første salve vart skoten mars 2010, og tunnelen opna 22. november 2014. Arbeidet var kostnadsrekna til 1460 millionar 2009-kroner. Av dette skulle 405 millionar finansierast med bompengar, 852 med fylkeskommunale midlar, 150 med innsparte fylkeskommunale tilskott til ferjesambandet Hemnesberget-Leirvika, 40 millionar med kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgivaravgift og 13 millionar med statlege midlar.[4]
Totalkostnaden på anlegget vart 1,90 milliardar 2014-kroner.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Trafikkdata - Fv78 Toventunnelen». Statens vegvesen.
- ↑ Byggfakta: Snart åpner Nord-Norges lengste tunnel
- ↑ Fakta Statens vegvesen, arkivert frå originalen 17. mai 2014, henta 30. desember 2014
- ↑ Nærinformasjon Statens vegvesen mars 2010 (PDF)[daud lenkje]
