Towa Carson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Towa Carson
Towa Carson 2013-07-24.jpg
Fødd31. mars 1936 (83 år)
FødestadEskilstuna i Sverige
FødenamnBirgit Rose-Marie Anlert
OpphavSverige
Aktiv1954-
Sjangerslager
Instrumentvokal
Tilknytte artistarLasse Lönndahl
Arne Domnérus
Leif Kronlund
Seymour Österwall
Mats Olsson
Ann-Louise Hanson
Siw Malmkvist
Verka somSongar

Towa Carson (fødd 31. mars 1936) er ein svensk songar fødd i Eskilstuna i Sverige.[1][2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Då ho var 18 vann Carson (Carlsson) ei amatørtevling halden av Bildjournalen og folkparkane. Ho blei oppddaga av orkesterleiaren Seymour Österwall, som engasjerte henne til Nalen i Stockholm og gav henne artistnamnet «Towa» (etter kjælenamn far hennar brukte om henne) «Carson» (ein amerikanisert variant av etternamnet Carlsson). I 1956–57 var ho vokalist i Leif Kronlunds jazz-inspirerte danseorkester på Skansen.[3]

Melodifestivalen[endre | endre wikiteksten]

Carson song to av bidraga i Melodifestivalen 1967: «Alla har glömt» og «Vem frågar vinden». Desse ente på ein fjerde- og ein femteplass. I 2010 framførte ho «Alla har glömt» i pausen under Melodifestivalsfinalen. Ho vende tilbsake til Melodifestivalen 1968 med bidraget «Du vet var jag finns», som ende på ein tredjeplass.

Ved Melodifestivalen 2004 vende Carson igjen tilbake til konkurransen, saman med Ann-Louise Hanson og Siw Malmkvist med bidraget «C'est la vie», skrive av Thomas G:son. Dei konkurrerte i semifinale tre i Umeå den 6. mars, der dei fekk 97 407 stemmer og plass i finalen.. I finalen i Globen ende bidrage på ein tiandeplass (sisteplass) med sju poeng.

Kvällstoppen[endre | endre wikiteksten]

  • 1964 - Visa mej hur man går hem (Towa Carson & Lars Lönndahl) - 12#
  • 1964 - Jag måste ge mej av - 3#
  • 1965 - En lilja är vit (Towa Carson & Lars Lönndahl) - 13#
  • 1967 - Laxå (Towa Carson & Mats Olsson) - 20#
  • 1969 - Casatchok - 11#

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Discogs
  2. Myggans nöjeslexikon, band 3, sid 91, Bra Böcker, Höganäs 1989 ISBN 91-7752-255-9
  3. Berndt Egerbladh: "Jag minns mitt 50-tal" sid 214, Bra Böcker, Höganäs & Trevi, Stockholm 1992 ISBN 91-7133-108-5