Toxostoma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toxostoma
Kaliforniaspottefugl, Toxostoma redivivum Foto: Alan Vernon
Kaliforniaspottefugl, Toxostoma redivivum
Foto: Alan Vernon
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Spottefuglar Mimidae
Slekt: Toxostoma
Wagler, 1831

Toxostoma er ei biologisk slekt av sporvefuglar som tilhøyrer familien Mimidae, spottefuglar. Dei har utbreiing i Nord-Amerika, og er nærskylde med typiske spottefuglar Mimus og dei to mørke spottefuglane i slekta Melanotis. Slektsnamnet Toxostoma kjem frå gamalgresk toxon, 'boge' og stomi, 'munn'.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kroppslengda varierer mellom 22 til 32 centimeter. Halen er rett og forholdsvis lang, hos somme artar opp mot lengda til sjølve kroppen. Som hos andre spottefuglar, er nebba bendt sterkt nedover, og er vanlegvis lange, sjølv om dette varierer avhengig av arten. Brunspottefugl er unntaket med relativt kort og rettpeikande nebb.

Fjørdrakta er generelt lite iaugefallande. Navahospottefugl, kaliforniaspottefugl, mohavespottefugl, mesquitespottefugl har dei mest kamuflerande fjørdrakter i brunt og eller grått utan markerte flekker eller teikningar, nokre gongar varierande fargetonar innanfor arten. Dei andre artane i slekta har mest mørk brunleg overside og lys underside med tydelege mørke flekker. Fleire artar har lysare fargevariantar i vengeband. Auga kan vera gule, oransje eller raude.

Med unnatak av brunnspottefuglen har artane i slekta utbreiing i Mexico og dels inn i sørvestlege USA. Dei er typiske standfuglar, men brunspottefugen har òg trekkvanar, fuglar med eit hekkeområde i nordaustlege USA og sørlege Canada overvintrar i sørlege USA inkludert Florida. Den nordlegaste hekkebestanden av navahospottefugl er òg trekkfuglar.

Somme artar føretrekker halvørken og ørkenhabitat eller område med småbuskar; nokre artar lever skogar, men ein, den kritiske truga cozumelspottefuglen, lever i eit tropisk klima. Vanlegvis et dei insekt, men òg frukt, frø, ormar, blautdyr og nokon gonger små krypdyr.

Dei fleste er gode til å herme musikalske lydar, og blir dermed verdsette som burfuglar.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Toxostoma i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2016[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 389. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2016), eBird/Clements Checklist v2016 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 23. august 2016 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Toxostoma