Toy av Netta Barzilai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Toy» (hebraisk tittel טוי, norsk 'leiketøy') er ein israelsk popsong som vann Eurovision Song Contest 2018 for Israel. Songen vart framført av den israelske songaren Netta Barzilai og var skriven av Doron Medalie og Stav Beger, som òg produserte han.[1] «Toy» vart sloppen for strøyming og sal 11. mars 2018.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Netta har skildra teksta som eit bidrag i den internasjonale me too-debatten og ein hyllest til sterke kvinner og retten til kvinner til å stå opp for seg sjølve.[2] Dei særeigne klukke-ljodane ho lagar i byrjinga av songen skal etterlikne kyllingljodar og refererer til menneske som er «pysete som kyllingar».[3]

Songteksta er hovudsakleg på engelsk, med unntak av den hebraiske frasen אני לא בובה (ani lo buba, 'eg er ikkje ei dokke') og slangordet סטפה (stefa, som tyder noko som 'ein haug med pengar').[4] Det japanske ordet baka (バカ, 'idiot') vert òg brukt fleire stadar i teksta.[5]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Netta Barziliai framfører «Toy» under Eurovision Song Contest i 2018 i Lisboa.

Den israelske kringkastaren Kan valde «Toy» frå rundt 140 innsende låtar til det israelske bidraget i Eurovison Song Contest 2018 i Lisboa i Portugal.[2][6] Songen vart lansert sundag 11. mars 2018, men lekte ut på internett dagen før lanseringa.[7] Ein musikkvideo regissert av Karen Hochma, vart offentleggjort samtidig som songen vart publisert.

Like etter lanseringa vart songen favoritt til å vinne Eurovision Song Contest, og gjekk rett til topps på veddemålslistene til alle spelselskapa.[8][9] Songen har òg gått inn på fleire europeiske singellister, og har vorte populær blant fansen til Eurovision Song Contest.[10][11] «Toy» har òg gjort seg merka utanfor Israel og Europa.[12]

Songen representerte fleire nye element i konkurransen, blant anna Netta sin særeigne stemmebruk og bruk av ein stemme-loopar.[2] Stemme-looperen tek opptak av stemmen og spelar opptaket av om att og om att, i loop. På grunn av dei strenge reglane til Eurovision Song Contest mot innspelte stemmer og stemmeliknande ljodar, kunne Netta i utgangspunktet ikkje bruke instrumentet under tevlinga i Lisboa.[13][14] Arrangøren til Eurovision Song Contest, EBU, tillet likevel looperen sidan ho gjorde opptak av stemma si direkte under tevlinga i Lisboa.[15]

«Toy» vann den fyrste semifinalen tysdag 8. mai i Altice Arena og kvalifiserte seg til finalen laurdag 12. mai. I finalen var «Toy» det 22. bidraget ut på scena og vann til slutt Eurovision Song Contest med 529 poeng – 317 frå sjåarane og 212 poeng frå juryane. Detta var den fjerde sigeren til Israel i Eurovision Song Contest, etter å ha vunne i 1978, 1979 og 1998.[16]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

VG-kommentatoren Tor Martin Bøe, meinte «Toy» var «tidenes rareste ESC-vinner» og la til: «Annerledes. Nytenkende. Helt ravende absurd. Fantastisk morosom. Og mer reflektert enn man først får med seg.» Dagbladet kommenterte at songen gjorde inntrykk, og gav terningkast fire: «Det kakles og danses som om det ikke var noen morgendag.[17] Songen gjør, uansett hvordan man vrir og vender på det, inntrykk.» Musikkommentator i Aftenposten, Robert Hoftun Gjestad, hadde ikkje trudd at songen ville vinne og kommenterte: «Men det er noen underliggende tema i Nettas låt som treffer Eurovision-fansen rett i hjertet».[18][19]

Etter sigeren meinte fleire Twitter-brukarar at Netta si framsyning var ein appropriasjon over japansk kultur, ved at Netta brukte kimono, hårknutar og vinkande kattar – såkalte Maneki-neko – som rekvisittar. Netta kommenterte ikkje kritikken, men hadde på førehand sagt i intervju at ho var ein tilhengjar av japansk populærkultur, blant anna Pokémon-franchisen.[20][21][22]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Netta Barzilai to sing "Toy" in Lisbon! - ESCXTRA.com». ESCXTRA.com (på engelsk). 25. februar 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Destination Lisbon (#5): Meet Netta Barzilai from Israel - Eurovision Song Contest Lisbon 2018». Henta 28. mars 2018. 
  3. «INTERVIEW: Netta Barzilai says "Toy" is the awakening of female power». wiwibloggs (på engelsk). 20. mars 2018. 
  4. "רוביק רוזנטל, מילון הסלנג המקיף" (Comprehensive Slang Dictionary), ISBN 965-07-1401-4, p. 259
  5. «Netta Barzilai – Toy». 4LYRICS (på engelsk). 11. mars 2018. Arkivert frå originalen 24. april 2021. Henta 20. april 2021. 
  6. «Israel: Netta Barzilai will sing “Toy” at Eurovision 2018 | wiwibloggs». wiwibloggs (på engelsk). 25. februar 2018. 
  7. «Netta Barzilai's Israeli Eurovision entry leaks online». Ynetnews (på engelsk). 3. november 2018. 
  8. Stern, Itay (12. mars 2018). «Israel’s Eurovision Entry Is the Odds-on Favorite to Win Song Contest». Haaretz (på engelsk). 
  9. «Odds Eurovision Song Contest 2018». Eurovisionworld (på engelsk). 
  10. Stern, Itay (22. mars 2018). «From Poland to Spain: Israel's Eurovision Entry Is a Smash Hit in Europe». Haaretz (på engelsk). 
  11. «Look at me! Netta's "Toy" is this year's most viewed entry on Youtube (24 March) | wiwibloggs». wiwibloggs (på engelsk). 24. mars 2018. 
  12. «Eurovision Israel: Netta's TOY goes global and viral - ESCToday.com». Eurovision News, Polls and Information by ESCToday (på engelsk). 21. mars 2018. 
  13. Shalev, Ben (12. mars 2018). «Israel’s Eurovision Song Contest Entry: Vocal Looper Is Out, Gal Gadot Is In». Haaretz (på engelsk). 
  14. «Rules - Eurovision Song Contest Lisbon 2018». Henta 28. mars 2018. 
  15. «Netta Barzilai: 10 facts about Israel’s Eurovision 2018 singer | wiwibloggs». wiwibloggs (på engelsk). 31. mars 2018. 
  16. «ISRAEL'S NETTA WINS THE 2018 EUROVISION SONG CONTEST! - Eurovision Song Contest Lisbon 2018». 13. mai 2018. Henta 13. mai 2018. 
  17. Bøe, Tor Martin (13. mai 2018). «Slik vinner du et show». VG Nett (på norsk). 
  18. «Vi anmeldte «Eurovision»-finalen låt for låt». Dagbladet.no (på norsk). 12. mai 2018. 
  19. Gjestad, Robert Hoftun (13. mai 2018). «Netta treffer Eurovision-fansen rett i hjertet». Aftenposten (på norsk bokmål). 
  20. «Israel's Eurovision winner Netta Barzilai accused of cultural appropriation». SBS News. Henta 14. mai 2018. 
  21. «Eurovision 2018 winner Netta has been accused of cultural appropriation». The Independent. 13. mai 2018. Henta 14. mai 2018. 
  22. «Eurovision favourite Netta: 'I don't sing beautifully'». The Independent. 7. mai 2018. Henta 14. mai 2018.