Träskaten

Koordinatar: 59°15′6″N 16°50′36″E / 59.25167°N 16.84333°E / 59.25167; 16.84333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Träskaten
innsjø
Land  Sverige
Kart
Träskaten
59°15′05″N 16°50′41″E / 59.251388888889°N 16.844861111111°E / 59.251388888889; 16.844861111111

Träskaten er ein innsjø mellom Ärla og Länna, i kommunane Strängnäs og Eskilstuna i landskapet Södermanland i Sverige. Innsjøen er omgjeven av store mengder siv, og er ein grunn slettesjø. Rundt innsjøen er det store våtmarker og blanda skog. Innsjøen har eit rikt fugleliv, som for det meste held til på øya Bråtön, som er ein del av Bråtöns naturreservat.[1] Bratön har for det meste lauvskog, mellom anna lundar av lind og liknande treslag.[2]

Innsjøen får vatn frå sørsida, med ei nordgåande elv frå innsjøen Eklången, og vert drenert i søraustleg retning ved Bastviken gjennom Stämån og vidare til Mörtsjön.

Innsjøen har ein diameter på drygt ein kilometer, og har eit overflateareal på 69,9 hektar. Midt i innsjøen ligg øya Kyrkholmen, og i det omliggande sivet ligg det fleire holmar.[3]

Träskaten har kanskje namnet sitt etter ein eldvarde, eller frå ordet träsk («myr»).[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eklångens Bredband Ekonomisk Förening: "Eklångsbadet", hämtad 2009-07-30, adress: http://extrasida.se/home/index.php?go=sida&sida=9598291&ident=8669942&umeny=3&frame=&rub=Badet
  2. Strängnäs kommun: "Samhälle och Utveckling - Översiktsplan", hämtad 2009-07-30, adress: http://www.strangnas.se/upload/samhalleoutveckling/plan/oversiktsplan/oversiktsplan/natur.pdf[daud lenkje]
  3. gis.lst.se: "vattenkartan" (tjänst), http://gis.lst.se/vattenkartan/ Arkivert 2010-08-22 ved Wayback Machine.
  4. kjelsson.net: "Södermanlands vårdkasar", hämtad 2009-07-30, adress: http://kjellson.net/V%C3%A5rdkasar/12%20S%C3%B6dermanlands%20v%C3%A5rdkasar.pdf[daud lenkje]

59°15′6″N 16°50′36″E / 59.25167°N 16.84333°E / 59.25167; 16.84333