Træl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Træl er den gamle nordiske nemninga for slave, nytta i tidleg norrøn tid. Trældom var i prinsippet arveleg. Om ein hadde foreldre som var trælar, vart ein sjølv træl. Krigsfangar vart i stort omfang gjort til trælar, noko som var vanleg for vikingane.

En træl var ufri og rettslaus. Han kunne ikkje eiga jord, føra sak for retten, vitna eller avleggja eid. Han var eigd av husbonden sin, som kunne kjøpa og selja han og hans familie.

I løpet av mellomalderen skjedde det over lang tid ei avvikling av trælesystemet, og det forsvann heilt på 1200-talet. Truleg vart dei fleste trælane ein del av lågare sosiale lag i samfunnet.

Ein træl, trælen Kark, tok livet av Håkon Jarl.

Træl er i norrøn mytologi son av Edda og Heimdal. Han tok seg Thir til kone, og dei to vart saman opphav til træleætta.

I Rigstula i den eldre Edda er trælane skildra:

”

Kom til eit hus,
hurdi var stengd.
Inn mun han gange,
eld brann på golvet,
og eit gråhjert hjon
grov frami åren,
Åe og Edda
med aldrug skaut

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]