Tríkala
Tríkala Lokalt namn Τρίκαλα | |
---|---|
Borga i Tríkala | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Thessalía |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 608,5 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Thessalía Tríkala |
Hovudsete | Tríkala (61 653 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 81 355 (2011[1]) |
Folketettleik | 133,9 /km² |
Tríkala (gresk Τρίκαλα), tidlegare Trikka, er ein by og ein kommune i periferieininga Tríkala i Thessalía i Hellas. Han er òg hovudstad i periferieininga og ligg nordvest for Aten og Kardítsa, aust for Ioánnina og Métsovo, sør for Grevená, sørvest for Thessaloníki og vest for Lárisa.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Byen ligg på ei frodig slette i Thessalía sentralt i Hellas og er byen Homer omtalte som Trikka (eller Trikki), fødestaden til tre av argonautane og eit av områda som vert nemnd som fødestad for Asklepios.
Ein austromersk festning ligg i dag på den grunnmuren til den tidlegare akropolisen. Byen vart okkupert av osmanarane under den gresk-tyrkiske krigen 1897 i seks månadar.
Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
Dei åtte tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]
Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 81 355 innbyggjarar, medan kommunaleininga Tríkala hadde 62 154 og tettstaden med same namn 61 653 innbyggjarar.[1]
Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Kommunaleining | Folketal 2011[1] |
---|---|---|
Tríkala | Tríkala | 61 653 |
Megála Kalývia | Megála Kalývia | 1 849 |
Megalokhóri | Estieótida | 1 490 |
Kefalóvryso | Faloría | 952 |
Méga Kefalóvryso | Faloría | 925 |
Rízoma | Paralithéi | 917 |
Paleópyrgos | Paliókastro | 904 |
Megárkhi | Faloría | 788 |
Dialektó | Faloría | 680 |
Valtinó | Kallídendro | 671 |
Ráxa | Paralithéi | 624 |
Plátanos | Paralithéi | 609 |
Krinítsa | Paliókastro | 596 |
Sarakína | Kallídendro | 532 |
Glínos | Megála Kalývia | 522 |
Dendrokhóri | Estieótida | 511 |
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ Kallikratis-reforma (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2010-11-22, henta 22. november 2010
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell nettstad (gresk)
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Trikala frå Engelsk Wikipedia .