Trøym

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Trøim)
Hopp til navigering Hopp til søk
Trøym
Hemsedal
tettstad
Hemsedal Kyrkje.jpg
Hemsedal kyrkje på Trøym
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Buskerud
Kommune Hemsedal
Areal 0,88 km²
Folketal 846 (2017)
Folketettleik 961 / km²
Postnummer 3560 HEMSEDAL
Innbyggjarnamn hemsedøl
Preposisjon Trøym
Wikimedia Commons: Hemsedal (village)

Trøym, også kjend som Hemsedal, er ein tettstad og administrasjonssenteret i Hemsedal kommune i Buskerud. Tettstaden ligg ved elva Hemsil som renn gjennom Hemsedalen, ein sidedal til Hallingdalen, og har 846 innbyggjarar per 1. januar 2017. Staden har namn etter garden Trøym.

Riksveg 52 passerer Trøym på nordsida av elva. Vegen går mellom krysset til riksveg 7 ved Gol og krysset til europaveg 16 nær Borlaug i Sogn og Fjordane.

Trøym har daglegvarebutikkar, apotek, fleire hotell, idrettsanlegg og barne- og ungdomsskule. Tettstaden har stor turisttrafikk.[1] Hemsedal kyrkje frå 1882 står på austsida av tettstaden og er tilgjengeleg frå riksveg 52.

Bilete frå Trøym[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hemsedal – tettsted». Store norske leksikon. 26. februar 2017. Henta 24. april 2018.