Trøndelag fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Trøndelag)
Hopp til navigering Hopp til søk
«Trøndelag» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Trøndelag (fleirtyding).
Trøndelag fylke
fylke
fylkesvåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Adm.senter Steinkjer
Areal 41 271 km²
 - land 38 790 km²
 - vatn 2 481 km²
Folketal 458 744 (1. januar 2018)
Folketettleik 12 / km²
Målform nøytral
Fylkesmann Frank Jenssen
Fylkesordførar Tore O. Sandvik (Ap)
Fylkesnummer 50
Norway Counties Trøndelag Position.svg
Wikimedia Commons: Trøndelag
Nettstad: www.trondelagfylke.no

Trøndelag er eit fylke i Noreg som vart oppretta 1. januar 2018. Fylket er ei samanslutning av fylka Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, som vedtok å slå seg saman i april 2016. Trøndelag fylke er det nest største fylket i Noreg i areal og det femte største i innbyggjartal. Fylket grensar til Nordland i nord, til Møre og Romsdal i sørvest og til Oppland og Hedmark i sør. I aust grensar fylket til Jämtlands län i Sverige. Folk frå Trøndelag blir kalla trønderar.

Både fylkeskommunen og fylkesmannen har hovudsete på Steinkjer og avdeling i Trondheim. Fylkeskommunen har administrativ leiing med rådmannsfunksjon lagt til Steinkjer og ordførarfunksjonen er lagt til Trondheim.

Fylkesvåpenet til Trøndelag er ein utbøygd gull kross på sølv grunn. Det har tidlegare vore våpenet til Nord-Trøndelag fylke, frå 1957 til 2018.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Trøndelag kjem av norrønt Þrǿndalǫg, der fyrste ledd er av folkenamnet þrǿnd(i)r som høyrer saman med fyrste ledd i Trondheim; siste ledd av lag, 'lov', som er brukt om ein landsdel med felles lov. Folk frå Trøndelag er kalla trønderar, og dei har ein sterk identitet som mellom anna er særmerkt ved det trønderske målføret, som òg finst i området Nordmøre i Møre og Romsdal fylke.

Trøndelag var i eldre tider, truleg frå før år 700, nemninga på lovområdet som femnde bygdene kringom Trondheimsfjorden, der Namdalen og Fosen ikkje høyrde med. Området vart delt i Uttrøndelag med fylka Orkdǿlafylki, Gauldǿlafylki, Strindafylki og Stjórdǿlafylki, og Inntrøndelag med fylka Skeynafylki, Verdǿlafylki, Sparbyggjafylki og Eynafylki. Nemningane Uttrøndelag og Inntrøndelag har tidlegare vore brukt i enkelte administrative samanhengar, til dømes i den rettslege inndelinga i politidistrikt, men er i dag ikkje lenger i bruk i slik samanheng.

Landskap og geologi[endre | endre wikiteksten]

Dei søraustlege delane av Trøndelag utgjer Trondheimsfeltet, som vil seie traktene omkring Trondheimsfjorden sørover til den nordlege delen av Gudbrandsdalen.

Landskapet i Trøndelag består av skog og vassdrag. Elvane Orkla, Gaula, Stjørdalselva og Verdalselva fell raskt ned mot låglandet der dei har slake, meandrerande elveløp før dei munnar ut i Trondheimsfjorden. Berggrunnen i Trøndelag består av kambrosilurske bergartar som er sterkt omdanna ved den kaledonske fjellkjedefoldinga. Det vart danna fleire skyvedekke som kan karakteriserast ved to geologiske typeområde; Størendekket i vest og Meråkerdekket i aust. Desse to skyvedekka består av tilsvarande lagpakker men høyrer til to ulike dekke. Dei er fråskilde av eit sterkt metamorft antiklinal av sandsteinar, skifrar og grønsteinar som høyrer til Guladekket.

Gruvedrift har tidlegare vore ei viktig næring i fylket og det fanst gruvedrift mellom anna på Løkken Verk, Rørosgruvene og Folldalgruvene.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sør-Trøndelag[endre | endre wikiteksten]

Det er store klimatiske skilnadar innan Sør-Trøndelag, frå det typisk maritime i nordvest til det mest kontinentale i Sør-Noreg i søraust. Høge fjell skjermar mot aust og sør og mykje av fylket ligg ope til mot nordvest, som er den typiske vindretninga for dårleg vêr.

Dei vanlegaste vindretningane om vinteren er frå aust til sør. Den Ytre Trondheimsfjorden dannar ein utfallsport for kald luft frå landet innanfor. Kyststrøka har vind over liten kuling 10-20 % av tida og liten storm 0,5–1,0 %. Om sommaren bles vinden ved bakken som oftast frå nordvest–nordaust, gjerne kalla «havgule».

Middeltemperaturen for januar er omkring 0 °C ved kysten, frå –2 til –5 °C over låglandet og ned i kring –10 °C i indre dalstrøk i aust. Den lågaste målte minimumstemperaturen er frå –15 til –20 °C ved kysten, frå –25 til –35 °C i indre strøk og lågare enn –40 °C i dalstrøk lengst aust. Røros har kulderekord for Sør-Noreg med –50 °C. Dei varmaste månadane er juli eller august og middeltemperaturen er kring 14 °C i kystområda, og kring 10–15 °C i indre område. Det er målt 25 °C sjølv ytst på kysten, 30–35 °C i indre fjord- og dalstrøk.

Årsnedbøren varierer frå kring 1200 mm ved kysten, til 1500–2000 mm i ei maksimalsone inn mot kystnære fjell, og elles stort sett 800–1000 mm, bortsett frå enkelte minimumsområde i aust og sør. Det kjem mest nedbør om hausten og vinteren. Berre enkelte innlandsstrøk får mest nedbør om sommaren.

Det er noko sommartåke ved kysten, medan innlandet har lokal strålingståke om hausten, og det er noko frostrøyk over Trondheimsfjorden om vinteren. Tåke-årsmiddel er stort sett under 1 %.

Nord-Trøndelag[endre | endre wikiteksten]

Dei indre strøka av Nord-Trøndelag er skjerma av fjell i sektoren sørvest til aust, og delvis òg i nord. Særleg har dalstrøka nær svenskegrensa eit typisk innlandsklima med moderat nedbør og kalde vintrar.

Ytre Namdalen og Vikna er derimot sterkt påverka av Norskehavet. Den kalde vinterlufta frå innlandet blir drenert ut Namdalen, noko som medverkar til at det ofte blir sterk vind, mellom anna over Folda. Det er liten kuling eller meir rundt 20 % av året og liten storm 1 % av tida.

Fosenhalvøya skjermar dei lågare strøka lenger aust mot påverknaden frå Norskehavet, medan Trondheimsfjorden dempar både vinterkulda og sommarevarmen. Høgdevinden over området er oftast frå sørvest, men om vinteren vil bakkevinden ofte blåse frå aust til søraust. Om sommaren er det gjerne sjøvind (havgule) frå ein retning mellom vest og nordaust.

Februar er den kaldaste månaden ved kysten med ein middeltemperatur like over 0 °C, omkring Trondheimsfjorden er det januar som er kaldast med middel frå –2 til –5 °C. I indre strøk går middeltemperaturen til dels ned mot –10 °C, medan dei lågaste minimumstemperaturane som er observert, er frå –35 til –40 °C. Middeltemperaturen om sommaren er stort sett frå 13 til 15 °C, men går under 10 °C i fjellstrøk over ca. 750 m. I samband med luft ført inn frå søraust kan maksimumstemperaturen i låglandet stige over 30 °C. nedbør

Årsnedbøren varierer frå 750-1000 mm ved kysten i nordvest til 1500-2000 mm i kystnære fjellstrøk. Indre, skjerma område får 500-750 mm. Det kjem mest nedbør på hausten og tidleg på vinteren, men stader i innlandet har ofte mest nedbør om sommaren.

Det er noko tåke ved kysten om sommaren, medan det nær Trondheimsfjorden kan opptre lokal strålingståke eller frostrøyk om hausten og tidleg på vinteren. Det er langt mindre tåke her enn i Søraust-Noreg.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Historisk viktige næringsvegar i Trøndelag har vore jordbruk, skogbruk, bergverk og fiskeri. Trøndelag har ein stor vass- og vindkraftproduksjon som understøttar kraftkrevjande treforedlings- og smelteverksindustri. Havbruket står for halvparten av eksportverdien i Trøndelag. Olje- og gassutvinning utanfor Trøndelagskysten er også vesentleg. Mykje av verkstadindustrien og rederinæringa i Trøndelag er retta mot havbruk og offshore. Trondheim er eit sentrum for høgare utdanning og forsking, og husar den største lærestaden på Noregs største universitet, NTNU, og forskingsstiftelsen SINTEF. Dei har avfødd ei mengd teknologibedrifter. Handel og offentleg og privat tjenesteyting er også viktige for sysselsettinga.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Europaveg 6 (E6) og jernbanen dannar ei hovudåre for samferdselen i Trøndelag. Rørosbanen og Dovrebanen møtest på Støren, og går vidare nordover gjennom Gauldalen til Trondheim. Frå Trondheim startar Nordlandsbanen, som går gjennom austsida av Trondheimsfjorden, langsmed Snåsavatnet og nordover gjennom Namdalen til Nordland.

Trondheim lufthamn, Værnes, den største flyplassen i fylket, ligg i Stjørdal. Flyplassen er den tredje mest trafikkerte i Noreg målt i tal på passasjerar. Det finst også småflyplassar ved Namsos, Rørvik og Røros og ein militær flyplass på Ørlandet med sivile ruteanløp.

Trondheim og Rørvik er stoppestader for Hurtigruta Bergen–Kirkenes. Det er hurtigbåtsamband frå Trondheim til fleire stader langs kysten, i tillegg til Hitra, Frøya og småøyane lenger nord.

Kultur og attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Nidarosdomen i vintersol.

Trondheim er eit viktig reisemål, med mellom anna Nidarosdomen, Kristiansten festning, Munkholmen og Sverresborg. Stiklestad i Verdal kommune er også ein populær attraksjon med nasjonal verdi. Her blir det historiske Spelet om Heilag Olav arrangert i juli kvart år. Røros søraust i fylket har verdsarvstatus på grunn av det særprega bygningsmiljøet og bergverkshistoria til staden.

Det blir årleg arrangert fleire festivalar i fylket, der Olavsfestdagene i Trondheim og Norsk revyfestivalHøylandet er mellom dei mest populære.

Naturen er også ein viktig attraksjon i Trøndelag, særleg i nord der fiske- og bygdeturisme er viktige næringar. Dei mest populære fjellområda i fylket er Trollheimen, Sylan og Dovrefjell. Oppdal skisenter i Oppdal er den mest populære vintersportsstaden i fylket.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Trøndelag fylke har 47 kommunar. Alle kommunane i dei tidlegare fylka Nord- og Sør-Trøndelag fekk nye kommunenummer frå 1. januar 2018. Fylkesnummeret til Trøndelag fylke er 50.

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform
5001 Trondheim kommune Trondheim Trondheim 000000000193501.0000000000193 501 000000000000342.0000000000342 nøytral
5004 Steinkjer kommune Steinkjer Steinkjer 000000000022096.000000000022 096 000000000001564.00000000001 564 nøytral
5005 Namsos kommune Namsos Namsos 000000000013078.000000000013 078 000000000000778.0000000000778 nøytral
5011 Hemne kommune Hemne Kyrksæterøra 000000000004225.00000000004 225 000000000000670.0000000000670 nøytral
5012 Snillfjord kommune Snillfjord Krokstadøra 000000000000987.0000000000987 000000000000508.0000000000508 nøytral
5013 Hitra kommune Hitra Fillan 000000000004648.00000000004 648 000000000000685.0000000000685 nøytral
5014 Frøya kommune Frøya Sistranda 000000000004962.00000000004 962 000000000000241.0000000000241 bokmål
5015 Ørland kommune Ørland Brekstad 000000000005351.00000000005 351 000000000000074.000000000074 bokmål
5016 Agdenes kommune Agdenes Lensvik 000000000001684.00000000001 684 000000000000318.0000000000318 bokmål
5017 Bjugn kommune Bjugn Botngård 000000000004864.00000000004 864 000000000000384.0000000000384 bokmål
5018 Åfjord kommune Åfjord Årnes 000000000003277.00000000003 277 000000000000955.0000000000955 nøytral
5019 Roan kommune Roan Roan 000000000000953.0000000000953 000000000000375.0000000000375 nøytral
5020 Osen kommune Osen Steinsdalen 000000000000967.0000000000967 000000000000387.0000000000387 bokmål
5021 Oppdal kommune Oppdal Oppdal 000000000006970.00000000006 970 000000000002274.00000000002 274 nøytral
5022 Rennebu kommune Rennebu Berkåk 000000000002541.00000000002 541 000000000000948.0000000000948 nøytral
5023 Meldal kommune Meldal Meldal 000000000003930.00000000003 930 000000000000613.0000000000613 nøytral
5024 Orkdal kommune Orkdal Orkanger 000000000011933.000000000011 933 000000000000594.0000000000594 nøytral
5025 Røros kommune Røros Røros 000000000005663.00000000005 663 000000000001956.00000000001 956 nøytral
5026 Holtålen kommune Holtålen Ålen 000000000002028.00000000002 028 000000000001210.00000000001 210 nøytral
5027 Midtre Gauldal kommune Midtre Gauldal Støren 000000000006225.00000000006 225 000000000001861.00000000001 861 bokmål
5028 Melhus kommune Melhus Melhus 000000000016424.000000000016 424 000000000000695.0000000000695 nøytral
5029 Skaun kommune Skaun Børsa 000000000008142.00000000008 142 000000000000224.0000000000224 nøytral
5030 Klæbu kommune Klæbu Klæbu 000000000006094.00000000006 094 000000000000186.0000000000186 bokmål
5031 Malvik kommune Malvik Hommelvik 000000000013958.000000000013 958 000000000000169.0000000000169 bokmål
5032 Selbu kommune Selbu Mebond 000000000004093.00000000004 093 000000000001235.00000000001 235 nøytral
5033 Tydal kommune Tydal Tydal 000000000000834.0000000000834 000000000001329.00000000001 329 bokmål
5034 Meråker kommune Meråker Midtbygda 000000000002469.00000000002 469 000000000001274.00000000001 274 bokmål
5035 Stjørdal kommune Stjørdal Stjørdalshalsen 000000000023964.000000000023 964 000000000000938.0000000000938 nøytral
5036 Frosta kommune Frosta Frosta 000000000002616.00000000002 616 000000000000076.000000000076 nøytral
5037 Levanger kommune Levanger Levanger 000000000020115.000000000020 115 000000000000645.0000000000645 nøytral
5038 Verdal kommune Verdal Verdalsøra 000000000014943.000000000014 943 000000000001548.00000000001 548 nøytral
5039 Verran kommune Verran Malm 000000000002473.00000000002 473 000000000000602.0000000000602 nøytral
5040 Namdalseid kommune Namdalseid Namdalseid 000000000001585.00000000001 585 000000000000770.0000000000770 nøytral
5041 Snåsa kommune Snåsa Snåsa 000000000002094.00000000002 094 000000000002343.00000000002 343 nøytral
5042 Lierne kommune Lierne Nordli 000000000001379.00000000001 379 000000000002962.00000000002 962 nøytral
5043 Røyrvik kommune Røyrvik Røyrvik 000000000000474.0000000000474 000000000001585.00000000001 585 nøytral
5044 Namsskogan kommune Namsskogan Namsskogan 000000000000902.0000000000902 000000000001417.00000000001 417 nøytral
5045 Grong kommune Grong Grong 000000000002400.00000000002 400 000000000001136.00000000001 136 nøytral
5046 Høylandet kommune Høylandet Høylandet 000000000001268.00000000001 268 000000000000754.0000000000754 nøytral
5047 Overhalla kommune Overhalla Ranemsletta 000000000003845.00000000003 845 000000000000730.0000000000730 nøytral
5048 Fosnes kommune Fosnes Jøa 000000000000618.0000000000618 000000000000545.0000000000545 bokmål
5049 Flatanger kommune Flatanger Lauvsnes 000000000001105.00000000001 105 000000000000459.0000000000459 nøytral
5050 Vikna kommune Vikna Rørvik 000000000004492.00000000004 492 000000000000318.0000000000318 nøytral
5051 Nærøy kommune Nærøy Kolvereid 000000000005117.00000000005 117 000000000001067.00000000001 067 bokmål
5052 Leka kommune Leka Leknes 000000000000582.0000000000582 000000000000109.0000000000109 nøytral
5053 Nærøy kommune Inderøy Straumen 000000000006785.00000000006 785 000000000000740.0000000000740 nøytral
5054 Indre Fosen kommune Indre Fosen Årnset 000000000010090.000000000010 090 000000000001052.00000000001 052 nøytral
Totalt Nord-Trøndelag Trøndelag Steinkjer 000000000458744.0000000000458 744 000000000041271.000000000041 271 nøytral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Trøndelag fylke