Trønder-Avisa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Trønder-Avisa er ei avis som blir utgjeven i Trøndelag. Hovudredaksjonen ligg på Steinkjer, men avisa har kontor i Namsos, Levanger, Grong, Verdal og Stjørdal òg. Ho blir lesen over nesten heile Nord-Trøndelag, men fyrst og fremst på Innherad. Sjefredaktør er Arve Løberg. Trønder-Avisa har fått mykje merksemd av di dei har satsa på jamstilling i staben. Avisa blir no prenta hjå Adressatrykk i Trondheim.

Trønder-Avisa er ei av dei få større avisene i landet som ikkje er ått av eit av dei tre mediekonserna Schibsted, Orkla Media eller A-pressen. Avisa er fyrst og fremst ått av Nord-Trøndelag AS (52 %), L/L Inntrøndelagen (38,7 %) og A-pressen (9,3 %). Bak dei to lokale selskapa står 5–600 lokale aksjonærar. Trønder-Avisa eig dessutan Ytringen (oppkjøpt 1993) og Steinkjer-Avisa (oppkjøpt 1999), og har ein stor aksjepost i Inderøyningen.

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2000 23 611
2001 23 632
2002 23 220
2003 23 457
2004 23 495
2005 23 286
2006 23 120
2007 23 268
2008 23 142
2009 22 855
2010 22 416
2014 19 719

Historie[endre | endre wikiteksten]

Trønder-Avisa oppstod ved krigsutbrotet i 1940, då Steinkjer vart bomba av tyske fly den 9. april. Lokala til båe dei konkurrerande avisene, Inntrøndelagen (Venstre) og Nord-Trøndelag og Nordenfjeldske Tidende (Bondepartiet), brann ned til grunnen. Dei to redaktørane, Olav Hougen og Johannes Kjesbu som var bitre fiendar, vart samde om at det skulle gjevast ut avis same kva. Dei fekk så tak i eit prenteverk som kunne prente avisa på Verdal. Fyrste nummer av Nord-Trøndelag & Inntrøndelagen kom ut 29. mai same året. I 1942 vart redaktørane avsette av den tyske okkupasjonsmakta, som sette inn sin eigen redaktør. Hougen døydde under krigen, men Kjesbu gjekk på som redaktør att og sat heilt fram til 1950.

Den 15. september 1952 vart samanslåinga mellom dei to avisene permanent og namnet endra til Trønder-Avisa, som vart eit talerøyr for Venstre og Senterpartiet, med to politiske redaktørar. I 1964 skifte avisa frå å prente med blysats til teletypeperforering i samband med flytting til nye lokale. Den 12. april 1972 skifte avisa til berlinarformat. I 1980 flytte avisa til dei lokala ho framleis held til i. Formatet gjekk over til tabloidformat i 2000, og prentinga vart flytt til Adressatrykk i Trondheim, sidan det gamle prenteverket til Trønder-Avisa var ubrukeleg og nytt vart for dyrt.

Heilt fram til 1990-talet hadde Venstre-redaktøren kommentarar på måndag, onsdag og fredag, medan Senterparti-redaktøren hadde kommentarar tysdag, torsdag og laurdag. Dette fekk eit underleg utslag under EU-striden i 1994, då avisa var for EU-medlemskap måndag, onsdag og fredag og mot dei andre dagane. Avisa gjekk bort frå denne ordninga i 1998, og vart politisk uavhengig i 2001.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]