Trønderbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Trønderbanen var prosjektnamnet åt NSB på koordineringa av persontog på jernbanestrekningane mellom Oppdal, Røros, Trondheim og Steinkjer. På 1990-talet vart lokaltogtilbodet i Nord- og Sør-Trøndelag omorganisert. Omgrepet Trønderbanen vart laga av Gunhild Myren frå Sandvollan i Inderøy kommune, som vann ein namnekonkurranse i samband med det nye togtilbodet i 1993.

Frå og med 1. januar 2004 nyttar ikkje lenger NSB namnet Trønderbanen i anna enn uformelle samanhengar. Likevel er omgrepet mykje brukt på folkemunne og i media. I politiske debattar og forskingsrapportar er det òg framleis vanleg å kalla lokaltogtilbodet i Trøndelagsfylka for Trønderbanen.

I Trønderbanen inngår Dovrebanen, Rørosbanen, Nordlandsbanen og Meråkerbanen. Likevel kan ein sjå at Meråkerbanen ikkje er rekna med i somme samanhengar.

Lokaltog i Trøndelag har kjørt på desse jernbanelinene[endre | endre wikiteksten]

Eit lokaltog på Trønderbanen stoppar på Røstad stasjon i Levanger

Passasjertal og materiell[endre | endre wikiteksten]

Etter omorganiseringa fekk Trønderbanen mellom anna avgangar på faste tidspunkt, stort sett kvar heile time, mellom Trondheim og Steinkjer.

I 2003 reiste kring 1,1 millionar passasjerar med banen.[treng kjelde] Ved teljepunktet Støren var det seks prosent fleire reisande enn året før; i Levanger var det like mange som fjoråret.[treng kjelde] Frå 2011 til 2012 auka passasjertalet med ca. 10 prosent, frå 1,2 til 1,3 millionar.[1] Det er venta at dette talet kan auka til kring 3 millionar årleg etter opprustinga som skal gjennomførast til og med 2023. [2]

På Trønderbanen køyrer dieseltog av NSB type 92 og type 93. Togsetta har hatt gratis internetttilkopling for passasjerar sidan juni 2012.[3]

Modernisering på 2000-talet[endre | endre wikiteksten]

Ein ny togtunnel gjennom Gjevingåsen vart offisielt opna av samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa 23. august 2011. Tunnelen reduserte reisetida mellom Trondheim og Nord-Trøndelag med opptil fem minutt. Kapasiteten på strekninga mellom Hommelvik og Hell auka frå 5,4 til 8 tog i timen. Den tidlegare jernbanelina mellom dei to stasjonane var dessutan ofte utsett for ras, og ein tunnel vart difor rekna som ei tryggare og meir stabil løysing.[treng kjelde] Frå Hommelvik stasjon nordover er sporet fjerna fram til Muruvik. Frå Hell-sida er det eit sidespor fram til Muruvik.

På grunn av at lokaltoga i Trøndelag fekk jamt fleire passasjerar etter tusenårskiftet, byrja det politiske miljøet i dei to fylka å arbeide for modernisering av Trønderbanen. Det dreier seg om elektrifisering Trondheim-Steinkjer og Hell-Storlien og utbygging av dobbeltspor på strekninga Trondheim-Stjørdal. Fylkeskommunane i Trøndelag og Regionförbundet Jämtlands län stifta Foreningen Elbanen STS (Steinkjer - Trondheim - Storlien). Politikarane la vekt på at folketalet i Trondheimsregionen voks såpass snøgt at ein raskare bane med større kapasitet var naudsynt i framtida. Dei argumenterte òg for at opprustinga av Meråkerbanen ville vera ein stor fordel for gods- og persontrafikk mellom Trøndelag og Jämtland. Jarnbanen var allereie elektrifisert på svensk side, men berre dei norske dieseltoga kunne køyra heile strekket mellom Trondheim og Østersund på Nabotåget. Dessutan poengterte både politikarar og NSB for at ein burde nytta høvet når det likevel snart var på tide å kjøpa nye togsett til å investera i moderne, elektriske lokomotiv.

I statsbudsjettet for 2013 er det sett av midlar til oppstart av planlegging av dobbeltspor mellom Hell og Værnes inklusive ny bru jernbanebru over Stjørdalselva.

2. april 2013 varsla samferdsleminister Marit Arnstad at regjeringa ville setja av 3,9 milliardar kroner til elektrifisering av jarnbanestrekningane Trondheim-Steinkjer og Hell-Storlien. Dette inneber at ifylgje Nasjonal Transportplan skal desse jarnbanestrekningane elektrifiserast i fyrste del av tiårsperioden 2014-2023. Løyvinga inneber òg ny bru og dobbeltspor Hell-Værnes og nye og oppgraderte stasjonar og kryssingsspor.[4]

Jernbaneverket har gjennomført ei vurdering av moglege trasealternativ for dobbeltspor mellom Trondheim og Hell.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Trønderbanen - NSB Lokaltog i Trøndelag
  2. Artikkel i Adresseavisen om nye løyvingar til Trønderbanen
  3. Surf ivei på Trønderbanen
  4. 3,9 milliarder til Meråkerbanen og Trønderbanen
  5. http://www.jernbaneverket.no/no/Prosjekter/Prosjekter/Tronderbanen/