Tr3s Lunas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tr3s Lunas
Studioalbum av Mike Oldfield
Utgjeve 3. juni 2002
Innspelt Roughwood Studio i Storbritannia
Plan 1 Studios i München
Sjanger Chill-out , new-age[1]
Lengd 58:19
Selskap Warner Music Spain
Produsent Mike Oldfield
Mike Oldfield-kronologi
The Millennium Bell
(1999)
Tr3s Lunas Tubular Bells 2003
(2003)


Singlar frå Tres Lunas
  1. «To Be Free»
    Utgjeve: 20. mai 2002
  2. «Thou Art in Heaven»
    Utgjeve: 26. august 2002
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]

Tr3s Lunas er det 21. studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, utgjeve i 2002 på Warner Music med ein bonus-CD som inneheld ein demo for PC-spelet, Tres Lunas.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tittelen[endre | endre wikiteksten]

Tittelen, Tres Lunas er spansk for «tre månar», der bokstaven 'e' er erstatta av talet '3'. Oldfield sa at tittelen kom av ein italiensk restaurant på Ibiza, der han budde på denne tida, kalla Las Dos Lunas, som nyttar to C-forma månar som speglar kvarandre som logo - i tillegg til at spelet Tres Lunas, som vart skapt samstundes med musikken, har tre månar i landskapet.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Syster til Oldfield, Sally, snakkar på dette albumet. Det førre albumet til Mike Oldfield ho hadde bidrege på var Incantations i 1978. Hovudvokalisten på «To Be Free» er jazzsongaren Jude Sim. Den britisk-asiatiske vokalisten Amar, som først var med på Tubular Bells III syng òg på albumet. Albumet vart spelt inn i studioet til Oldfield, Roughwood Studios, i tillegg til somme partar i Plan 1 Studios i München.

Saksofonlyden vert framført ved hjelp av ein gitarsynthesizer.[2]

Spelet[endre | endre wikiteksten]

Tres Lunas var det første MusicVR-spelet til Oldfield. Dette vart seinare følgd opp av Maestro. Noko av musikken frå spelet Tres Lunas enda sidan opp på Oldfield-albumet Light + Shade.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«Misty»3:59
2.«No Mans Land»6:08
3.«Return to the Origin»4:38
4.«Landfall»2:19
5.«Viper»4:32
6.«Turtle Island»3:40
7.«To Be Free»4:21
8.«Fire Fly»3:46
9.«Tr3s Lunas»4:35
10.«Daydream»2:15
11.«Thou Art in Heaven»5:22
12.«Sirius»5:47
13.«No Mans Land» (reprise)2:56
Bonusspor
Nr.TittelLengd
14.«To Be Free» (radioversjon)3:56

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Mike Oldfield
  • Sally Oldfield – talte ord
  • Jude Sim – vokal på «To Be Free»
  • Amar – vokal
  • Ben Darlow – assisterande lydteknikar
  • Philip Lewis – perkusjonsprogrammering (assistent på Plan 1)
  • Thomas Süssmair – perkusjonsprogrammering (assistent på Plan 1)

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Spania(PROMUSICAE)[3] Platina 100 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Anderson, Jason. Tr3s LunasAllmusic
  2. «Tres Lunas promotional video». June 2002. Henta 30. juni 2020. 
  3. Salaverrie, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (PDF) (på spansk) (1st utg.). Madrid: Fundación Autor/SGAE. s. 966. ISBN 84-8048-639-2. Henta 4. juli 2020.