Tradisjonell jazz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Trad-jazz)

Tradisjonell jazz eller trad-jazz er ein musikksjanger som var populær i Storbritannia og Australia frå 1940-åra og gjennom 1950-åra, og som framleis har tilhengjarar i dag. Sjangeren er basert på New Orleans-jazzen. Britiske og australske band i denne sjangeren kopierte stilen til artistar som Sidney Bechet eller King Oliver.

Meiningane er delte om nemninga «tradjazz» er eit godt namn fordi enkelte hevdar at jazz er ein folkemusikktradisjon som mange andre musikkstilar, medan andre igjen hevdar at jazz bryt med tradisjonell musikk, slik at «tradisjonell jazz» vert ei motseieleg nemning.

I Storbritannia brukte ein å danse til tradjazz og skip jive, ein etterkomar frå jive og swingdans i 1950- og 1960-åra. Banda til Chris Barber, Ken Colyer, Humphrey Lyttleton og Alex Welsh var dei mest kjende.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]