Tradisjonell kinesisk medisin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tradisjonelt kinesisk apotek i Hongkong.

Tradisjonell kinesisk medisin (TKM, kinesisk skrift 中医 eller 中药学, pinyin Zhongyi høvesvis Zhongyaoxue) omfattar ei rekkje ulike tradisjonelle medisinske behandlingar som har opphav i Kina. TKM er akseptert som ein fullverdig del av det offisielle helsevesenet i Kina og i Aust-Asia, men er rekna som alternativ behandling i det meste av den vestlege verda.

TKM inkluderer handsamingar som m.a. kinesisk urtemedisin, akupunktur, kosthaldsterapi og tuina- og shiatsu-massasje. Qigong og taijiquan er òg nært knytte til TKM. Tradisjonen har ein fleire tusen år lang historie, og er basert på nøye observasjonar av samspelet mellom naturen; kosmos, og menneskekroppen. Blant dei viktigaste underliggende teoriane er filosofien om yin og yang, og qi, dei fem elementa (wu xing), meridiansystemet til kroppen, zang fu, dei seks stadfestingane, dei fire nivåa osb. Moderne TKM blei systematisert på 1950-talet i Folkerepublikken Kina under Mao Zedong.

Ifølgje tradisjonen er yin og yang to motsette, polære kvalitetar som er avhengige av og utfyller kvarandre. Qi er vital energi, og sirkulerer i kroppen i kanalar som blir kalla meridianar. Ein føresetnad for god helse er at det er nok qi i kroppen og at det flyter fritt. Desse hypotesane oppstod før vitskapen hadde kartlagt biologien til mennesket, og innanfor vitskapen er det ikkje gjort funn som tilseier at meridianar eller qi er reelle fenomen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]