Tradisjonelle norske bruksbåtar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tradisjonelle bruksbåtar)
Ei samling nordlandsbåtar

Tradisjonelle bruksbåtar er ei vanleg nemning på båttypar som var i bruk fram til motoriseringa av fiskeria. Ein tek med båtar langs kysten og båtar brukt på elvar, vatn og innsjøar.

I tillegg til fiske har båten vorte brukt til transport av folk, dyr og varer. Kyrkjeferder har vore vanleg å gjere i båt. Mange gardar og grendelag langs kysten og fjordane har hatt eigne kyrkjebåtar. Talet på bruksbåtar har vore stort. I 1880 fanst det truleg kring 100 000 slike båtar i Noreg. Av desse var om lag 20 000 storbåtar, med meir enn tre årepar.[1] For å få oversikt over dei ulike båttypane, deler ein dei inn etter geografisk utbreiing, storleik og bruksområde. Fleire båtar passar ikkje inn i dette mønsteret. Brukaren har hatt ynskje om korleis båten skulle fungere. Båtbyggaren har vald nye løysingar.

Geografisk inndeling[endre | endre wikiteksten]

Den første som sette opp ei geografisk inndeling av norske bruksbåtar var C.F.Diriks i 1863.[2] Bernhard Færøyvik brukte om lag same inndelinga.[3][4]

Ein skil mellom austnorsk og vestnorsk båtbyggartradisjon. Skiljet går mellom Jæren og Agder.

Austnorske båtar[endre | endre wikiteksten]

Kjenneteikn på austnorske båtar er at dei er breie og djupe; gode å segle, men tunge å ro. Det vert brukt rorkult på roret. I området der ein brukar desse båtane er skiljet mellom flo og fjøre lite. Ein har mindre trong om å drage dei på land. Ofte ror ein båtane inn i båthuset og lèt dei ligge på vatnet. Det er difor ikkje noko krav om at båtane skal vere lette. Den austnorske båttradisjonen er ein del av ein tradisjon som og omfattar Bohuslän og Kattegatområdet.

Den gamle bruksbåten på Sørlandet, sjekta, hadde to eller fire årar. Årane var runde og lag mellom tollepinnar. Koggen i Telemark, og snekka lenger aust, er liknande båtar.

Bygging[endre | endre wikiteksten]

Austnorske båtar har fleire og smalare bordgangar enn vestnorske. Stamnane er sett rett på kjølen. Dei er gjerne festa med stamnkne, krumvaksne laskar. På dei minste båtane, sjekta og prammen har bordinga for det meste vore av furu, medan kjøl, stamnar og band er av eik. Botnbordet vert festa til kjølen ved at det vert sett inn i eit uthogge spor, spunninga, og ikkje spikra til kjølen. Båtborda vert skøytte ved at dei vert lagde ende i ende, og så vert ein skøytelask sett over skøyten på innsida. Lasken er ofte like tjukk som bordet. Årefestet er tollegangar og tollepinnar. Toftene er festa til ripa på båe sider med eit toftekne. Dei forsterkar då båten tverrskips.

Riggen[endre | endre wikiteksten]

Den dominerande riggtypen på austnorske båtar er spriseglet. Det er ukjent når det gamle råseglet vart avløyst av spriseglet. Ein reknar med at spririggen har vore i bruk i over 300 år.[5]

Vestnorske båtar[endre | endre wikiteksten]

Oselvar under bygging

På grunn av likskapen i byggemåte reknar ein den vestnorske tradisjonen å rekke frå Jæren og nordover til forbi grensa til Russland. Vestlandsbåtar er smalare, lettare og meir lettrodde samanlikna med austnorske båtar. Overgangen mellom kjøl og stamn er meir avrunda ved at det vert innsett eit overgangstykke, lottet eller stemnet. Medan forholdet mellom lengd og breidd gjerne er 3 : 1 på austnorske båtar, er det 4 : 1 eller meir på vestnorske. Dei vestnorske er bygde av færre bord enn austlandsbåtane. På vestnorske båtar finn ein til vanleg keipar og firkanta årar som ikkje vert vridde under roing.

Dei ulike båttypane får namn etter staden dei vert bygde eller brukte.

Langs kysten frå sør finn vi:

Båtar på sørlege Vestland[endre | endre wikiteksten]

Hardangerkeipen vert sett rett ned på ripa.

Båtane på Sør-Vestlandet, strekninga sør for for Bergen, har vorte delt to hovudgrupper: rogalandsbåtar og hordalandsbåtar. Båtane i Rogaland har hatt ein del felles med austlandsbåtar. Ofte er dei bygde med berre ein bete. Styrken på tvers vert auka ved at ei eller fleire tofter vert feste til ripa med toftekne. Båtbyggarane tok tidleg til å sette eit bord, vaterbord, vinkelrett oppe på ripa.

Noko som kjennemerker rogalandsbåtane er dei korte stamntoppane. Dei er grovare bygde enn andre båtar på Sør-Vestlandet. Til liks med desse ligg esinga øvst på ripbordet. Elles er dei noko ulike etter kvar dei er bygde og kven som har bygt dei. Dei tre viktigaste typane har vore boknabåt, aslakbåt og tingvikbåt. Rogalendingane har ofte kjøpt båtar frå Hardanger.

Båtar frå Hordaland har ofte få men breie bordgangar. Hardangerbåtar merkjer seg ut med det jambreie ripbordet. Esinga ligg i på innsida øvst på ripbordet. Ho gir feste for keipane som ligg rett på ripa. Havfiskarane i Sunnhordland ville gjerne ha oselvarar. Dei sette særleg pris på at han var mjuk, lettrodd og ein god seglar. Færing, og stundom seksæring var bygde med tre omfar. Til å hogge ut dei breie halsane må båtbyggaren ha utvald tømmer. Etter kvart som slikt trevirke vart vanskeleg å skaffe, vart oselvaren òg bygd med 4 omfar. Havfiskarane rekna ikkje desse som like gode sidan dei vart stivare og tyngre. Til landnotfiske var det derimot fordel med stive og sterkare båtar.

Båtar frå midtre Vestlandet[endre | endre wikiteksten]

Båtane frå Vestlandet mellom Bergen og Stad skil seg frå båtane lenger sør. Dei har sterkare innved. Ein finn jamt ein bete meir enn på sunnhordlandsbåtane. Esingane, som her går frå rong til rong, er plasserte nedst på ripbordet. Det fører til at keipane ikkje kan ligge flatt ned på rip og esing som på hardangerbåtar. Dei er festa på innsida av ripsbordet, og vert oftast stødde mot esinga med keipsneller. Midtvestlandsbåtane har òg eit bord meir enn sunnhordlandsbåtar av same storleik. Det øvste bordet, ripbordet, smalnar markert mot endane. Dette er òg ulikt båtar lenger sør.

Midtvestlandsbåtane har vore rigga med symmetrisk råsegl. I siste del av 1800-talet spreidde det asymmetriske råseglet seg sørover frå Møre, til kystdistrikta.

Ein delar gjerne båtar frå dette området inn i fire grupper: Nordhordlandsbåtar, med masfjordbåtar og osterfjordbåtar, sognebåtar, sunnfjordbåtar og nordfjordbåtar.

Båtane i Nordhordland har meir felles med båtane i Sogn og Fjordane enn båtar lenger sør i Hordaland. Dette kjem truleg av geografiske tilhøve. Sjøvegs kommunikasjon har vore enklare nordover enn sørover.[6] Sognebåten har vore ein lett bruksbåt som var godt eigna inne i fjordane. Han er lettare banda enn båtane ved kysten. Elles merkjer han seg ut mellom båtane på Vestlandet med den bratte framstamnen, og ripsbordet som stig mot denne stamnen.

Sunnfjordbåten, flatbotna og med hogde botnbord, eigna seg godt til fiske mellom øyane på kysten.

Viktigaste område for bygging av nordfjordbåt har vore Gloppen Det vart og bygt båt andre stader der det var eigna skog. Båten vart brukt inne i fjordane og ute ved havet. Då nordfjordfiskarane i 1850–60-åra reiste lenger til havs med linene sine, vart nordfjordbåten noko endra. Bakskuten vart forlengd og såleis fyldigare, og båtane høgare borda. Denne typen nordfjordbåt kom òg i bruk lenger sør i fylket.

Båtar på nordlege Vestland[endre | endre wikiteksten]

På sunnmørsbåten Hans Strøm teikna ser ein ripskaret.

Båtane i Møre og Romsdal har stort sett vore av tre hovudtypar; sunnmørsbåt, romsdalsbåt og geitbåtenNordmøre. I Romsdal har det også vorte brukt sunnmørsbåtar sør om Hustadvika og nordmørsbåtar nordanfor. Båe desse båtane er havbåtar og er bygde for seglas ut til fiskegrunnar på opne havet langt ut for land. Fiskarane frå Møre og Romsdal drog lenger ut enn dei gjorde andre stader langs vestlands- og trøndelagskysten. Båe desse båttypane var mjuke, og greidde seg godt i krapp sjø.

Det asymmetriske råseglet som truleg vart først brukt på Sunnmøre, kom etter kvart i bruk på heile denne kyststrekninga, også sør om Stadt.

Sunnmørsbåten vert og kalla snedbetning på grunn av den særeigne byggemåten, med skrålagde bord i framdelen. Første bord bakfrå er høvla beint av på skrå ned til kjølen litt framom midten på båten. Dette vart kalla snedet, og er det som har gitt båttypen namn. Esinga ligg på det omfaret som kreftene verkar sterkast på under segling, kalla æsingbordet. På åttringane kunne det vere 2 omfar til ovanfor, men det vanlege var eitt, ripstødet. I tillegg hadde storebåtane ekstra bord framme og bak, kjempene. Då vart det eit skar i ripa, ripskaret. Det gjer at årane her kjem lågare mot sjøna. Årane får ein høvlegare vinkel mot sjøen og båten vert betre å ro. Under segling vert det sett eit eige skvettbord, kalla dregle, i ripskaret. Dei lange årane, som på åttringane kunne vere opp mot 7 meter lange[7], ligg på skjeggkeipar av bjørk, som vert nagla faste.

Den mest kjende byggestaden for sunnmørsbåtar er Bjørkedalen i Volda. Her har det vore ein samanhengande båtbyggartradisjon i allefall 400-500 år attende i tid. På Stranda i Storfjorden bygde dei også snidbetningar, heilt fram til 1920-åra.

Geitbåt

Nordmørsbåten, geitbåten, er bygd for å meistre straumsjø og krappe bårer på det heller grunne havområdet kring nordmørsøyane. Den jamne bogen frå kjølen, gjennom lottet til stamnen, gjer at han vender legg under beiting i høg sjø.

Ved bygging av geitbåt vert det brukt hogne halsar. Det krev tilgang til godt tømmer. Nemninga geitbåt vert av nordmøringar sett på som eit heidersnamn. Andre stader vert geitbåt brukt som utnamn på andre sine båtar. Ein reknar med to typar av geitbåt: Aurgjeldgeita og Søfjordingen. Mange geitbåtar har ein renning på ripsbordet som smalnar bakover.

Båtar Nordafjells[endre | endre wikiteksten]

Bindalsfæring. I bakgrunnen fembøringen «Rappstein»

Dei dominerande båttypane nordafjells har vore åfjordsbåten og nordlandsbåten. Konstruksjonen av desse båttypane har så mykje felles at dei lett kan blandast saman; dei har lang kjøl som er forlenga av lott opp mot dei karakteristiske bratte stamnane. På åfjordbåten er lottet og nedste del av stamnen krumma oppover frå vasslina. Øvst oppe er framstamnen litt utfallande. På nordlandsbåten er framstamnen rettare, oftast med ein innsving øvst. Dei er smalare enn vestlandsbåtane lenger sør. Høvet mellom lengd og breidd ligg gjerne mellom 4 : 1 og 4,5 : 1.

Båtar i Trøndelag[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet til Åfjord kommune er inspirert av åfjordsbåten

Åfjordsbåten, som har namn etter båtbyggarbygda ÅfjordFosen har vorte brukt frå Flatanger i Nord-Trøndelag til Aure og SmølaNordmøre.[6]

Det ser ut som åfjorsbåten er ein relativt ny båttype. Han har heller mange og smale bord, og vart skapt då det tok til å minke på stor skog. Tidlegare vart borda uthogde av stokken. Særleg dei hogde halsane kravde stor og god materiale. Fordi det var brukt meir saga og mindre hogde bord gjekk det no raskare å bygge båt. Tidlegare var trønderbåtane truleg meir lik geitbåten. Innheradsbåten er ein variant av åfjordsbåten brukt inne i Trondheimsfjorden.

I Stadsbygd og Rissa vart det bygt store båtar av åfjordstypen; staværingsbåtar. Då mange av desse båtane vart brukt på lofotfiske, vart båtar frå Trøndelag som dukka opp der kalla staværingar. Tradisjonen med lofotbåtar frå Trøndelag ser ut til å starte i 1806.[6]

Nordlandsbåt[endre | endre wikiteksten]

Nordlandsbåten har ei svært vid geografisk utbreiing: Frå grensa mot Trøndelag og til Aust-Finnmark og vestre del av kysten i Nord-Russland. Ein reknar at dei store sesongfiskeria er ein viktig grunn til dette. Fiskarar frå eit stort område samlast. Dei kappsegla og kapprodde. Båtbyggarane merka seg eigenskapane til dei beste båtane. Ein annan viktg grunn til den store utbreiinga er mangel på tenleg skog til båtbygging. Det har vorte bygt båtar i Troms og Finnmark, men ofte ikkje nok til det som var naudsynt. Det vart kjøpt båtar frå Nordland.

Dei viktigaste stadane for bygging av nordlandsbåt er Bindalen, Rana og Salten. Nord til og med Rana finn ein gran og denne vert brukt til båtbygging. Lenger nord vert det brukt furu.

Båtar i Troms og Finnmark[endre | endre wikiteksten]

I eldre tid var nordlandsbåtar av ymse storleikar viktigaste bruksbåtane i Troms og Finnmark. Det vart ikkje bygt nok båtar til å dekke etterspurnaden. Det var stor skort på trevirke som eigna seg til båtbygging. Noko nybygging var det likevel, som til dømes i Alta og i Varanger. Dei fleste båtane vart difor kjøpte i Nordland. Ofte var det nordlendingar som var på vårtorskefiske i Finnmark som selde båten, som dei hadde sjølve hadde brukt nokre år, til lokale fiskarar. Når båten ringnast av brukt og elde, vart han seld innover i fjordane der han kunne brukast til mindre krevjande aktivitetar. Ofte enda det med at båten vart dregen på land, snudd på stamnane og gjort om til fjøsgamme eller liknande. Av storbåtar var det få fembøringar og heller fleire åttringar som vart brukt av finnmarksfiskarane.

I fjordbotnane i Tana og Varanger var basken ein vanleg båttype. Han er ein flatbotna båttype som er bygd for grunt vatn. Ein eigen type vart brukt i vatn og innsjøar. Han var så lett at han kunne berast mellom vatna. Basken var og i bruk aust for Finnmark. Båten som er utstilt på Norsk Sjøfartsmuseum er bygd i PetsamoKolahalvøya.

Fotnoteliste[endre | endre wikiteksten]

  1. K.E.Johansen 1999
  2. «Om de forskjellige Slags Baade i Norge» i Folkevennen 1863
  3. Ø. Færøyvik 1999
  4. Vestlandsbåtar 1987
  5. G. Gøthesen 1977
  6. 6,0 6,1 6,2 A.R. Hole. 2007
  7. A. Vartdal 2005

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gøthe Gøthesen: Skagerakkysten Norske båter bind 1 Oslo 1977
  • Odd Solhaug: Det var en gang... 'Fiskerinæringa i Finnmark Emnehefte nr.4 Skoledirektøren/Høgskolen i Finnmark 1977
  • Karl Egil Johansen: Moderniseringa av norsk fiske. Ca 1880 – 1920. i Norsk Fiskerimuseum Årbok 1999
  • Vestlandsbåtar : Frå oselvar til sunnmørsåttring. Av Øystein Færøyvik, bygd på granskingsarbeid etter Bernhard Færøyvik. Grøndahl, 1987.
  • Arne Emil Christensen:Inshore Craft of Norway From a Manuscript by Bernhard and Øystein Færøyvik. Oslo 1979
  • Arne R. Hole: Båter og kystfolk Oslo 2007
  • Carl Frederik Diriks: «Om de forskjellige Slags Baade i Norge» i Folkevennen 1863
  • Øystein Færøyvik:Båtgranskaren Bernhard Færøyvik. i Norsk Fiskerimuseum Årbok 1999
  • Andreas Vartdal: Båten i Minne frå Vartdalsstranda. Vartdalsstranda Sogelag. Årsskrift 2005
  • Asbjørn Klepp:Nordlandsbåter,-og båter fra Trøndelag. Grøndahl & søn A.S. Oslo 1983
  • Vikingskip og norske trebåter