Traffic av Traffic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Traffic
Studioalbum av Traffic
Utgjeve Oktober 1968
Innspelt Januar til mai 1968
Studio Olympic Studios i London, Record Plant, NYC
Sjanger Bluesrock, kunstrock, folkrock, jamrock
Lengd 40:24
Selskap Island
United Artists
Produsent Jimmy Miller
Traffic-kronologi
Mr. Fantasy
(1967)
Traffic Last Exit
(1969)


Singlar frå Traffic
  1. «Feelin' Alright
    Utgjeve: September 1968

Traffic er det andre studioalbumet til det engelske rockebandet Traffic, gjeve ut i 1968 på Island Records i Storbritannia og United Artists i USA. Albumet nådde niandeplassen på UK Albums Chart[1] og 17. plassen på Billboard 200.[2] Det var det siste albumet spelt inn av gruppa før dei vart oppløyste første gongen.

Bakgrunn og innhald[endre | endre wikiteksten]

Etter noko suksess i Storbritannia med debutalbumet Mr. Fantasy, hadde Dave Mason i januar 1968 slutta i gruppa. Han produserte debutalbumet til gruppa Family, der den framtidige bassisten i Traffic, Ric Grech spelte, medan Traffic drog ut på turné.[3] I mai hadde bandet invitert Mason attende for å byrje å spele inn eit nytt album.

Mason enda opp med å skrive og syngje halvparten av songane på albumet (som den største hitten hans «Feelin' Alright?»), men bidrog lite til songane skrivne av Jim Capaldi og Steve Winwood. Teften han for popmelodi hadde alltid vore på kant med jazzambisjonane til resten av bandet, noko som kjem til syne i motsetningane ein kan sjå i somme av songane på dette albumet. I oktober var han ute av bandet att.[4] Han kom attende ein siste gong for ein turné og eit album i 1971 for å oppfylle kontrakten med bandet. Albumet vart produsert av Jimmy Miller.

Traffic kom ut på CD i Storbriannia 11. januar 2000 med fem bonusspor, to frå filmmusikken til Here We Go Round the Mulberry Bush og tre frå Last Exit. I USA vart ei ommastra utgåve gjeven ut 27. februar 2001 med singelmiksar i mono av «You Can All Join In» og «Feelin' Alright?» og ein singelmiks i stereo av «Withering Tree». Ommastringa vart assistert av Jim Capaldi.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[5]
Rolling Stone(positiv)[6]

AllMusic gav ei positiv melding av albumet i nyare tid og skreiv at det oppnådde ein sterk balanse mellom dei enkle folkrocksongane til Dave Msno og dei komplekse og ofte stemningsskapande rockejammane til Steve Winwood.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelMedverkande Lengd
1. «You Can All Join In»   3:34
2. «Pearly Queen»   4:20
3. «Don't Be Sad»   3:24
4. «Who Knows What Tomorrow May Bring»   3:11
5. «Feelin' Alright?»   4:16
Side to
# TittelMedverkande Lengd
6. «Vagabond Virgin»   5:21
7. «Forty Thousand Headmen»   3:15
8. «Cryin' to Be Heard»   5:14
9. «No Time to Live»   5:10
10. «Means to an End»   2:39
40:24
Bonusspor på den britiske utgåva frå 2000
# TittelMedverkande Lengd
11. «Here We Go 'Round the Mulberry Bush» (frå filmen Here We Go Round the Mulberry Bush)  2:45
12. «Am I What I Was or Am I What I Am» (frå filmen Here We Go Round the Mulberry Bush)  2:36
13. «Withering Tree» (B-side til singelen Feelin' Alright? - stereo singelmiks) 2:57
14. «Medicated Goo» (A-side til de britiske singelen frå 1968 - stereomiks)  3:39
15. «Shanghai Noodle Factory» (B-side til Medicated Goo - stereomiks)  5:03
Bonuspor på den amerikanske utgåva frå 2001
# Tittel Lengd
11. «You Can All Join In» (singelmiks i mono) 3:45
12. «Feelin' Alright?» (singelmiks i mono) 4:03
13. «Withering Tree» (singelmiks i stereo) 2:53

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chart Stats
  2. «Billboard 200 - Traffic». Henta 20. juli 2019. 
  3. Traffic, 1999 reissue Island Records IMCD 265 546498-2, liner notes p. 4.
  4. Nick Logan and Bob Woffinden, editors. The Illustrated New Musical Express Encyclopedia of Rock. New York: Harmony Books, 1977, p. 234.
  5. 5,0 5,1 Traffic av TrafficAllmusic
  6. Wenner, Jann (4. januar 1969). «Traffic». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]