Traian Băsescu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Traian Băsescu
EPP Congress 4732.jpg
Fødd4. november 1951 (71 år)
Murfatlar
Statsborgar avRomania, Moldova
PartiDet rumenske kommunistpartiet, Den nasjonale redningsfronten, Partidul Democrat, Partidul Mișcarea Populară
Yrkepolitikar, skipsførar, sjøfolk
Utdanna vedAcademia Navală „Mircea cel Bătrân”
EktefelleMaria Băsescu
BarnElena Băsescu
VervPresident i Romania 2004-2014
FøregangarIon Iliescu
EtterfylgjarKlaus Iohannis

Traian Băsescu (fødd 4. november 1951) er ein rumensk politikar som var president i Romania frå 20. desember 2004 til 21. desember 2014. Han leia det konservative partiet Partidul Democrat (Det demokratiske partiet), men gjekk av då han vart president sidan ein rumensk president ikkje kan vera partimedlem. Presidentkandidaturet hans vart òg støtta av det liberale partiet Partidul Naţional Liberal (Det nasjonalliberale partiet). Han kom på andre plass i første runde av presidentvalet 29. november 2004, med 33,9 % av røystene, men slo den sosialdemokratiske kandidaten Adrian Năstase med 51,2 % av røystene i andre valomgang, 13. desember.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Traian Băsescu
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.