Traktormerket Kullervo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pløying med ein Kullervo på herregarden Pekkala i Ruovesi i Finland.

Kullervo var ein finsk traktor, som vart produsert frå 1918 til 1924[1]. Han hadde ein firesylindra motor med eit slagvolum på 7,4 liter og ei effekt på 30 hk. Traktoren hadde ein masse på 2200 kg. Motor, girkasse og bakaksel var bolta saman til eit stykke, på same måte som Fordson F, og alle tannhjul gjekk i oljebad, noko som var svært uvanleg på denne tida. Namnet «Kullervo» var henta frå den tragiske skikkelsen Kullervo i det finske nasjonaleposet Kalevala.

Traktoren var konstruert av ingeniøren Gusaf Wrede, som hadde studert i Darmstadt i Tyskland[1]. Produksjonen føregjekk ved Jarnverket i Aura (Auran Rautateollisuus). Traktoren vart eksportert til fleire land og Russland var ein av dei viktigaste marknadane. Salet til Russland vart ikkje rekna som eksport, ettersom Finland var eit storfyrstedøme under den russiske tsaren i tida mellom 1809 og 1917. Men etter at Finland klarte å riva seg laus frå Russland i samband den russiske revolusjonen vart det slutt på salet i Russland, noko som førte til at salet av traktoren gjekk kraftig ned[1].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 H. Niskanen, Från Munktells till Valtra, Valtra Inc., 2000.