Trampoline

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bruk av trampoline
Trampolinehopp på Riddu Riđđu 2006

Trampoline (frå italiensk trampoli, 'styltrar'[1][2]) er eit turn- og leikeapparat. Det er bygd opp av røyr av galvanisert stål som ramme, og med ein duk festa til ramma ved hjelp av fjører.[3][4] Ved å hoppa oppå dette apparatet kan ein spretta opp i lufta ved hjelp av fjøringa, som strekker seg i det ein landar og trekk seg raskt saman igjen.[5]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den moderne trampolinen blei oppfunnen av amerikanaren George Nissen i 1936. Under andre verdskrigen blei trampolinane hans brukte til trening av pilotar for å auka evna deira til å orientera seg i lufta. Trampolinen ein kjenner i dag finst mykje takka vera Nissen.

Frå 1. januar 1999 blei trampolinesport ein del av Dei olympiske leikane i både manns- og kvinneklassen. Trampolinesporten er, utanom ein barneaktivitet, også ei idrettsgrein innanfor turn som har ein særs høg kvalitet. Trampoline i OL har så langt funne stad i Sydney (2000) og Beijing (2008).[6]

Trening[endre | endre wikiteksten]

Trampolinebruk gjev god trening for heile kroppen, og styrkar spesielt ryggen, magen og beina. I tillegg gjev det god balanse og koordinasjon. Etterkvart som ein blir betre, kan ein prøve på moment, og romkoordinasjonen vil forbetra seg mykje.

Moment[endre | endre wikiteksten]

Eit moment på trampoline strekk seg frå eit heilt vanleg strekkhopp til enkle saltoar, enkle vendingar og kompliserte doble/triple/firedobla saltoar både med og utan skru.

Dei vanlegaste momenta ein utfører på ein trampoline er:

  • Stå til sitja og opp m/u skru; Landinga skjer med hovudtrykk på kroppsdel
  • Stå til mage og opp m/u skru; Landinga skjer med hovudtrykk på kroppsdel
  • Stå til rygg og opp m/u skru; Landinga skjer med hovudtrykk på kroppsdel
  • Skru; vendingar med eller mot klokka langs vertikalaksen (bein til hovud), tal rotasjonar blir rekna til grader
  • Framlengs/baklengs salto; 360° rotasjon anten framover eller bakover om tverraksen (hofteside til hofteside)
Jenter som hoppar i organisert trampolineidrett, synkront

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «trampoline, n.». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005.  (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.)
  2. «trampoline» i Nynorskordboka.
  3. Standard Underholdningstrampoline - Fakta, arkivert frå originalen 1. august 2009, henta 20. desember 2022 
  4. Om Trampolinen, arkivert frå originalen 12. april 2010, henta 20. desember 2022 
  5. Trampoline - Om spretten, arkivert frå originalen 14. mai 2009, henta 20. desember 2022 
  6. Olympic.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Trampoline