Tran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Lyse».
Trankapslar.
Eldre trandamperi i Å i Lofoten

Tran er ei olje vunne ut av fiskelever. Olja er rik på A-vitamin, D-vitamin og umetta feittsyrer, og har høg konsentrasjon av omega-3-feittsyrer. Produktet blir dermed sett på som eit sunt kosttilskot, og er til dømes ei av få naturlege kjelder til D-vitamin i kosten i Noreg.

Fine tranprodukt inneheld reint feitt og blir kalla medisintran. Produkt av dårlegare kvalitet har vore brukt til belysning, fôr og som råstoff i industrien.

Trankjelder[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt er det levra frå ulike artar av torskefisk som har vore nytta til å laga tran. Han blir produsert både i tradisjonelle trandamperi og ved industriell produksjon. Historisk har tran vore eit biprodukt frå tørrfiskproduksjon, og trandamperi har vore vanlege i fiskeværkysten. På 1800-talet blei brugdefiske drive berre på grunn av levra som gjekk til tranproduksjon.

Framstilling[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg framstilte ein tran ved at store kar blei fylt med torskelever og sett ut i sola. Når levra rotna flaut råtran opp til overflaten. Tranen i det øvste laget var gul og hadde mild smak, medan resten var brunaktig, med vond lukt og smak.[1]


I 1854 innførte apotekaren Peter Möller ein ny, revolusjonerande metode for tranproduksjon. Trandampingmetoden gjekk ut på at torskelevra blei varma opp ved hjelp av damp. Dette gav ein gyllen medisintran med frisk smak. Rundt 50 % av feittet i levra blei nytta til medisintran, resten blei brukt til andre føremål, som lampeolje og fôrtilskot. I dag blir tran også produsert ved sentrifugering av torskelevra, med eller utan oppvarming, og nesten alt leverfeittet blir gjort om til tran.[1]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Historisk har tran vore ein viktig feittressurs med vid bruk. Tran blei brukt som brensel i tranlampar (kole), og til lêrimpregnering. Mange i fiskeridistrikta produserte si eiga måling basert på heimelaga tran. Mange målingfabrikkar var plassert nær fiskeridistrikta nettopp fordi tran var deira viktigaste råstoff, dette gjelder til dømes fabrikkane Grip og Gjøco på Nordmøre.

I 2009 blei det selt 1,6 millionar flasker med tran, noko som svarar til 130 millionar i sal i salseiningar i Noreg.[2]

Helseeffekt[endre | endre wikiteksten]

Tran har ein høg konsentrasjon av omega-3-feittsyrer, som er rekna for å ha gunstig helseeffekt på mellom anna hjarte og krinsløp, ledd og huda.[3] Helsedirektoratet anbefaler tran kvar dag året rundt på grunn av vitamin D-innhaldet.[4] Fokuset på omega-3-feittsyrer som kosttilskot har auka etterspørselen etter tran.

Ein NTNU-studie frå 2007 har påvist at regelmessig inntak av tran fordobla risikoen for utvikling av osteoporose og påfølgjande beinbrot.[5] Sidan 2001 er A-vitamin-innhaldet i tran blitt redusert med 75 % i håp om å unngå denne bieffekten.[6]

Ein åtvarar mot inntak av tran og andre kjelder til omega-3 i kombinasjon med legemiddelet Marevan.[7]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«tran» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]