Tranøy kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tranøy)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tranøy kommune
kommune
Tranoey.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms
Adm.senter Vangsvik
Areal 524 km²
 - land 500 km²
 - vatn 24 km²
Folketal 1 536 (1. januar 2018)
Målform nøytral
Ordførar Jan F. Jenssen (H)
Kommunenr. 1927
NO 1927 Tranøy.svg
Wikimedia Commons: Tranøy
Nettstad: www.tranoy.kommune.no

Tranøy kommune (nordsamisk Ránáidsullo suohkan) er ein tidlegare kommune i dåverande Troms fylke. Kommunen låg på den sørlege delen av øya Senja. Kommunen grensa til Torsken kommune i nordvest, til Berg kommune i nord, og til Lenvik kommune i aust. Over sundet i aust låg Dyrøy, mot sør Ibestad kommune og i sørvest Harstad kommune.

Lemmingsvær, ei øy mellom Senja og Bjarkøy som vart ført over til Tranøy kommune i 1964

Tranøy kommune hadd sine siste grenser frå 1964, då den ytste delen av Senja, Lemmingvær og sørsida av Selfjorden vart overført frå høvesvis Bjarkøy og Torsken, medan områda på fastlandet på sørsida av Solbergfjorden vart overført til Dyrøy og Stormoenområdet sør for kaperelva på Senja til Lenvik.

Administrasjonssenteret i kommunen låg i Vangsvik, ved Solbergfjorden, medan helse- og sosialadministrasjon hadde sete i Stonglandseidet. Kommunen hadde ingen tettstader.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste jordareala i det tidlegare kommuneområdetligg på kambrosilurmark. Dei kalkhaldige bergartane gjev god dyrkingsjord, og jordbruket speler ei viktig rolle i næringslivet i tidlegare Tranøy kommune. Det meste av jordbruksarealet blir brukt til grasproduksjon, i tillegg til dyrking av nokre fôrvekster og poteter. På myrområda i dei austlege delane av kommunen har det vore drive ei betydeleg nydyrking etter 1945. Jordbruk blir i stor grad drive som kombinasjonsnæring, særleg saman med fiske. Avverkinga i skogane er låg.

Fiske var den viktigaste næringsvegen i kommunen, særleg i dei ytste delane som ligg nær opp til dei store fiskefelta i Vesterålen og Sør-Troms. Berre ein mindre del av fangstane blei bringa i land i kommunen. Av dei yrkesaktive hadde i 2001 39 % arbeid utanfor kommunen, 25 % i Lenvik og 5 % i Tromsø.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Landskapet i Tranøy kommune er prega av relativt høge fjell i grunnfjellsområdet (Svanfjellet 898 moh. på grensa til Berg og Torsken), og eit flatare landskap i dei austlege delane, myrlendt med bjørkeskog. I Tranøy ligg Ånderdalen nasjonalpark, som er 68 km² stor med svært variert natur, mellom anna urskog og kjempefuruer.

Kommunen har hatt forholdsvis stor utflytting sidan andre verdskrig, med eit minkande folketal som resultat.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Tranøy – kommune». Store Norske Leksikon. Henta 21. oktober 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tranøy kommune