Tranøyfjorden

Koordinatar: 69°5′26.264″N 17°19′6.8628″E / 69.09062889°N 17.318573000°E / 69.09062889; 17.318573000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

69°5′26.264″N 17°19′6.8628″E / 69.09062889°N 17.318573000°E / 69.09062889; 17.318573000

Tranøyfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommunar Dyrøy, Senja
Kart
Tranøyfjorden
69°05′26″N 17°19′07″E / 69.0906°N 17.3186°E / 69.0906; 17.3186

Tranøyfjorden er ein fjord i kommunane Dyrøy og Senja i Troms. Fjorden strekkjer seg 25 km nordover frå Vågsfjorden, mellom Dyrøya og Senja til Kampevoll i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Stangneset på halvøya Stonglandet i vest og Hagenes på sørspissen av Dyrøya i aust. Fjorden går nordover mellom Stonglandet og Dyrøya. Nord for Dyrøya går Solbergfjorden austover. Øya Tranøy, som kommunen og fjorden er kalla opp etter, ligg eit stykke nord for Dyrøya. Frå her og inn til botn av fjorden vert han kalla Tranøybotn.

Ved nordenden av Stonglandet ligg Stonglandseidet. Her det berre 350 meter over til Eidepollen på vestsida. Det er ikkje så mange busetnader ved fjorden, men på vestsida ligg grendene Vassvik og Jøvik.

Riksveg 860 går langs store delar av vestsida på Senja. Langs fjorden ved Stonglandet går Fv223.