Trandal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°15′50.717″N 6°30′6.6456″E / 62.26408806°N 6.501846000°E / 62.26408806; 6.501846000

Trandalbygda sett frå snøggbåten.
(foto 2011)
Trandal sett frå ferga. (foto 2014)

Trandal er ei lita bygd i Hjørundfjorden i Ørsta kommuneSunnmøre.

Trandalbygda ligg på ei om lag 8 km lang strandline og er i hovudsak delt opp i fem gardar, Nes (Gnr 113), Ytre-Trandal (Gnr114), Midt-Trandal (Gnr115), Indre-Trandal (Gnr 116) og Rynningen (Gnr 117). Alle gardane er sikre mellomaldergardar, helst eldre, og på Indre-Trandal er der gjort oldfunn. Gardane har nokre strandflater, men det meste av landskapet er særs brattlendt. Sentralt i bygda renn Trandalelva og bakanfor strekker sjølve Trandalen seg om lag 4-5 km oppover til Trandalsætra. Frå Trandal går det eit par fjellstiar over til Sykkylven, og dei var truleg kjende og mykje brukte i eldre tider.

Næringsgrunnlaget har primært vore jordbruk og fiske, men frå tidleg på 1900-talet vart det etablert ymse verksemder som ullspinneri, fórfabrikk, teppefabrikk og fiskeoppdrett. I dag er det meste av gardsdrifta nedlagt og berre to næringsverksemder er i drift: Trandal Fjordhytter og Christian Gaard Bygdetun.

Grunnkrinsen Trandal hadde 14 innbyggjarar pr 1. januar 2009 ifølgje SSB. I dag (2017) har bygda 8-9 fastbuande. Bygda vart eigen skulekrins i 1913, men skulen vart nedlagt i 1996. Trandal vart etablert som brevhus i 1907, seinare vart status endra til poståpneri (1944), og underpostkontor (1973), som til sist vart nedlagt i 1998[1]. Trandal har postnummer 6183.

Trandal har ikkje vegsamband med omverda. Kommunikasjon må difor foregå sjøvegen, med båt eller med ferje Fv66 til Store-Standal og Fv70, og til 655 Sæbø og 655 Lekneset.

Trandal har dei seinare åra blitt kjent for fleire vellykka konsertarrangement, som har trekt mykje folk, mellom anna countryfestival, Trandalblues og skilsmissefestival. Desse foregår på serverings- og overnattingsstaden Christian Gaard Bygdetun.

Trandal Kraftverk ligg ved sjøen i Trandal. Det blir drive av Tussa Energi AS. Det vart sett i gang i desember 2006, nyttar eit fall på 445 m i Trandalelva, og produserer årleg om lag 25 GWh [2]. Daniel Storeide fekk i 2014 konsesjon for å bygge Indre «Trandal kraftverk», men prosjektet er per i dag (2017) ikkje realisert.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Poststeder i Møre og Romsdal av Dag Erik Børseth (2000)
  2. Trandal Kraftverk Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine. tussa.no, vitja juli 2017