Tranent
Utsjånad
| Tranent | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | East Lothian | ||
| Folketal | 12 140 (2016) | ||
![]() Tranent 55°56′41″N 2°57′15″W / 55.9447°N 2.95417°W | |||
| Wikimedia Commons: Tranent | |||
Tranent er ein liten by i East Lothian i det søraustlege Skottland, omtrent 18 kilometer austom Edinburgh.
Namnet ser ut til å vere av brytonisk, med elementa tre og nant som tyder «byen ved bekken».
Staden er særleg kjent for Tranentmassakren, som fann stad i august 1797. Under ein protest mot innføringa av obligatorisk verneplikt i Skottland braut det ut opptøyar, og soldatar skaut ned og drap 12 personar. I 1995 vart det reist ein statue i sentrum av byen som viser eit av offera, Joan «Jackie» Crookston. I 1998 måtte han gjerast om ved at ein gut vart plassert ved sida av henne, sidan statuen var ustabil.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tranent» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2011.
