Transformer av Lou Reed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Transformer
Studioalbum av Lou Reed
Utgjeve 8. november 1973
Innspelt August 1972
Studio Trident, London
Sjanger
Lengd 36:40
Selskap RCA
Produsent
Lou Reed-kronologi
Lou Reed
(1972)
Transformer Berlin
(1973)


Singlar frå Transformer
  1. «Walk on the Wild Side/Perfect Day»
    Utgjeve: 24. november 1972
  2. «Satellite of Love / Vicious»
    Utgjeve: 2. mars 1973
  3. «Vicious / Goodnight Ladies»
    Utgjeve: Juli 1973 (USA)

Transformer er det andre studioalbumet til den amerikanske rockemusikaren Lou Reed. Det vart produsert av David Bowie og Mick Ronson og kom ut i november 1972 på RCA Records.

Det vert rekna som eit innverknadsrikt landemerke innan glamrock, forankra i den suksessrike singelen, «Walk on the Wild Side», som rørte ved dåverande kontroversielle tema som seksuell orientering, kjønnsidentitet og dopmisbruk. Sjølv om det sjølvoppkalla debutalbumet til Reed ikkje hadde vore ein suksess, var Bowie stor fan av det tidlegare bandet til Reed, The Velvet Underground, og brukte sin eigen kjendisstatus til å fremje Reed, som enno ikkje hadde slått gjennom kommersielt.[1][2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til føregangaren Lou Reed, inneheldt Transformer hovudsakleg nye songar. Fire av dei er derimot frå The Velvet Underground-dagane: «Andy's Chest» vart først spelt inn av bandet i 1969 og «Satellite of Love» vart spelt inn som ein demo i 1970. Desse versjonane kom ut på høvesvis VU og Peel Slowly and See. For Transformer vart tempoet skrudd ned på desse songane.

«New York Telephone Conversation» og «Goodnight Ladies»[3] vart spelte på konsertane til bandet sommaren 1970 medan dei var ein periode på Max's Kansas City. Refrenget på sistnemnte kjem frå siste linja i den andre delen («A Game of Chess») av T.S. Eliot-diktetThe Waste Land: «Good night, ladies, good night, sweet ladies, good night, good night», som i seg sjølv er eit sitat frå Ophelia i Hamlet.

Som det hadde vore i Velvet Underground dagane, hadde Reed eit sterkt samband til kunstnaren Andy Warhol. I følgje Reed sa Warhol til han at han burde skrive ein song om nokon som var vonde («vicious»). Reed spurte kva han meinte med vond, og Warhol sa, «Åh, du veit, som at eg slår deg med ein blome»,[4] som førte til songen «Vicious».

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Transformer vart produsert av David Bowie og Mick Ronson, som begge var særs inspirert av Reed sitt arbeid med Velvet Underground. Bowie hadde referert til Velvet Underground på plateomslaget til albumet Hunky Dory og ofte spelt både «White Light/White Heat» og «Waiting for the Man» på konsertar og på BBC i 1971–1973. Han spelte til og med inn «White Light/White Heat» for å ha den med på Pin-Ups, men han vart aldri gjort ferdig. Ronson nytta dette opptaket som akkompagnement på soloalbumet sitt Play Don't Worry i 1974.

Mick Ronson var på denne tida sologitarist i bandet til Bowie, The Spiders from Mars, og spelte ei stor rolle i innspelinga av albumet i Trident Studios i London[5] som medprodusent og den viktigaste studiomusikaren (på gitar, piano, blokkfløyte og korvokal), i tillegg til at han var arrangør. Han er særleg kjend for det svulstige strykearrangementet på «Perfect Day». Reed hylla mellom anna bidraga til Ronson i Transformer-episoden av dokumentarserien Classic Albums og trekte særleg fram korleis vokalen vart tona ut for å trekke fram strykarane. Songane på albumet er no av dei mest kjende songane til Reed, som «Walk on the Wild Side», «Perfect Day» og «Satellite of Love», og den kommersielle suksessen til albumet heva han frå kultstatus til ei internasjonal stjerne.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget var eit bilete teken av Mick Rock. Fotografiet vart overeksponert og då han framkalla det i mørkerommet la Rock merke til at det var feil, men likte likevel resultatet og brukte det til omslaget.[6]

Rock sa: «Då eg synte Lou bileta fokuserte han med ein gong på biletet som hamna på Transformer. Eg framkalla det sjølv - som eg vanlegvis gjorde på den tida. Den første testen eg laga var uskarpt og overeksponert. Lou elska resultatet. Det tok meg tolv forsøk på å gjenskape feilen for ein større versjon av biletet for plateomslaget».[7]

Karl Stoecker (som òg tok bileta til dei første tre Roxy Music-plateomslaga) tok biletet på baksida av ei kvinne og ein mann. Kvinna er supermodellen Gala Mitchell. Mannen er Ernie Thormahlen (ein ven av Reed). Mannen verkar å ha ein tydeleg ereksjon,[8] men Reed har fortalt at det var ei banan som Thormahlen stakk ned i buksa før biletet vart teke.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Den første singelen frå albumet, «Walk on the Wild Side», vart ein internasjonal suksess, trass i det kontroversielle temaet. Teksten nemner transeksuelle tema, sexhandlingar og narkotika, som førte til at songen vart redigert i somme land og bannlyst i andre.[2] Songen vert rekna som signaturlåten til Reed i dag av fans og kritikarar. «Satellite of Love» kom ut som den andre singelen i februar 1973. I 2002 kom det ut ei 30-årsjubileumsutgåve av albumet. Det inneheld demoversjonar av «Hangin' Round» og «Perfect Day», og eit løynd spor med ein reklame for albumet. Etter at Reed døydde i oktober 2013 steig det digitale salet av Transformer, «Walk on the Wild Side» og «Perfect Day» med meir enn 300 %, og «Walk on the Wild Side» gjekk inn på den nye Billboard Rock Digital Songs-lista på ein 38. plass.[9]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[10]
Blender4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[11]
Chicago Tribune2/4 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[12]
Christgau's Record GuideB−[13]
Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[14]
Pitchfork8.4/10[1]
Rolling Stone4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[15]
The Rolling Stone Album Guide4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[16]
Spin4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[17]
Spin Alternative Record Guide8/10[18]

I ei middels melding for Rolling Stone skreiv Nick Tosches at songane «Satellite of Love», «Vicious», «Walk on the Wild Side» og «Hangin' 'Round» uttrykte ein stimulerande seksualitet og at «Reed sjølv seier han syns albumet er flott. Eg trur ikkje det er på langt nær så godt som det han kan. Han verkar å ha evna til å komme opp med noko verkeleg farleg, kraftfull musikk, ting som folk som Jagger og Bowie berre har vore så vidt borti.»[19] I ei seinare melding for The New Rolling Stone Album Guide (2004), skreiv Tom Hull at Reed «skreiv ei rekkje smarte, nye songar og prøvd å utnytte produsenten David Bowie sin androgyne glamrocktrend, noko som fungerte bra nok til at 'Walk on the Wild Side' slo gjennom»[16]

I 1997 vart Transformer kåra til det 44. beste albumet gjennom tidene av ei «Music of the Millennium»-undersøking gjort i Storbritannia av HMV Group, Channel 4, The Guardian og Classic FM.[20] I 2000 vart det plassert på 58. plassen i Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums.[21] Transformer er òg rangert på 55. plassen på lista til NME over dei beste albuma gjennom tidene. I 2003 vart albumet plassert på 194. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[22] og hadde same plass på den reviderte lista i 2012. På den nye lista deira i 2020 var albumet flytta opp til 109. plassen.[23][24] Albumet vart òg inkludert på lista til magasinet Q over dei 100 beste albuma gjennom tidene.

I 2018 publiserte 33⅓ ei bok av musikaren Ezra Furman om Transformer.[25]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lou Reed.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Vicious»2:58
2.«Andy's Chest»3:20
3.«Perfect Day»3:46
4.«Hangin' 'Round»3:35
5.«Walk on the Wild Side»4:15
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Make Up»3:00
7.«Satellite of Love»3:42
8.«Wagon Wheel»3:19
9.«New York Telephone Conversation»1:33
10.«I'm So Free»3:09
11.«Goodnight Ladies»4:31
Bonusspor på 30-årsjubileumsutgåva
Nr.TittelLengd
12.««Hangin' 'Round»» (akustisk demo)3:58
13.««Perfect Day»» (akustisk demo – inneheld eit løynd spor med ein reklame for albumet)4:50

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå Transformer-omslaget.[26]

Andre medverkande

Produksjon

  • David Bowie – produsent
  • Mick Ronson – produsent
  • Ken Scott – lydteknikar

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Australia (Kent Music Report)[27] 12
UK Albums Chart 13
Nederland 11
US Billboard Top LPs & Tape[28] 29

Sal og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[29] Gull 35 000^
Frankrike (SNEP)[30] Gull 100 000*
Italia (FIMI)[31] Gull 50 000*
Storbritannia (BPI)[32] Platina 424,666[33]

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Stephens, Matthew (11. mars 2003). «Lou Reed: Transformer». Pitchfork. Henta 29. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 Trebay, Guy (1. november 2013). «The Real-Life Stories Told in 'Walk on the Wild Side'». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 29. mars 2022. 
  3. «The Velvet Underground - Live performances and rehearsals - 1970». Olivier.landemaine.free.fr. Henta 29. mars 2022. 
  4. Fitch, Andy (2012). Pop Poetics. ISBN 978-1-56478-766-8. 
  5. «The Story Behind Lou Reed's «Walk on the Wild Side»». Neatorama. 17. september 2012. 
  6. Pryor, Fiona (10. mai 2007). «Entertainment – Photographer lives the Rock dream». BBC News. Henta 29. mars 2022. 
  7. https://www.facebook.com/photo/?fbid=397633541718418&set=a.219133926235048
  8. Nick Tosches (4. januar 1973). «Transformer – Album Reviews». Rolling Stone. Henta 5. august 2013. 
  9. «Lou Reed's Album Sales Rise 607% Following Death». Billboard. Henta 29. mars 2022. 
  10. Deming, Mark. «Transformer – Lou Reed». AllMusic. Henta 29. mars 2022. 
  11. Young, Jon. «Lou Reed: Transformer». Blender. Arkivert frå originalen 30. september 2007. Henta 31. mars 2017. 
  12. Kot, Greg (12. januar 1992). «Lou Reed's Recordings: 25 Years Of Path-Breaking Music». Chicago Tribune. Henta 9. november 2020. 
  13. Christgau, Robert (1981). «Lou Reed: Transformer». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor and Fields. ISBN 0-89919-026-X. Henta 29. mars 2022. 
  14. Larkin, Colin (2011). «Reed, Lou». The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-595-8. 
  15. Sheffield, Rob (28. mars 2002). «Lou Reed: Transformer». Rolling Stone (892): 72. 
  16. 16,0 16,1 Hull, Tom (2004). «Lou Reed». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 684–85. ISBN 0-7432-0169-8. 
  17. Marchese, David (November 2009). «Discography: Lou Reed». Spin 24 (11): 67. Henta 29. mars 2022. 
  18. Strauss, Neil (1995). «Lou Reed». I Weisbard, Eric; Marks, Craig. Spin Alternative Record Guide. Vintage Books. s. 325–27. ISBN 0-679-75574-8. 
  19. Tosches, Nick (4. januar 1973). «Transformer». Rolling Stone. Henta 29. mars 2022. 
  20. «The music of the millennium». BBC News. 24. januar 1998. Henta 29. mars 2022. 
  21. Larkin, Colin (2000). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 61. ISBN 0-7535-0493-6. 
  22. «500 Greatest Albums of All Time: Transformer – Lou Reed». Rolling Stone. 18. november 2003. Arkivert frå originalen 20. desember 2010. Henta 22. november 2020. 
  23. «500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. 31. mai 2012. Henta 18. september 2019. 
  24. Rolling Stone (22. september 2020). «The 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone (på engelsk). Henta 7. juni 2021. 
  25. Korber, Kevin (14. juli 2019), 33 1/3: Transformer: By Ezra Furman, Spectrum Culture, henta 29. mars 2022 
  26. Transformer (CD booklet). Lou Reed. RCA Records. 1972. 
  27. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 249. ISBN 0-646-11917-6. 
  28. «Lou Reed Album & Song Chart History: Billboard 200». Billboard charts. Henta 18. juli 2021. 
  29. «Cash Box Magazine» (PDF). Cash Box: 36. 2. november 1974. Henta 26. mars 2022 – via World Radio History. 
  30. «Les Certifications (Albums) du SNEP (Bilan par Artiste)»
  31. «Italian album salstrofé – Lou Reed – Transformer» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Lou Reed in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  32. «British album salstrofé – Lou Reed – Transformer». British Phonographic Industry.  Enter Transformer in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  33. Jones, Alan (4. november 2013). «Official Charts Analysis: Arcade Fire LP sells 45k to hit No.1». Music Week. Henta 1. desember 2015.