Transportprosess

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein transportprosess er ein prosess der masse og energi flyttar seg inn i eller ut av eit fysisk system, eller internt rundt i systemet. Prosessane kan vise til

  • fluidmekanikk - transport av rørslemengd. Matematisk:
  • varmeleiing - transport av energi. Matematisk:
  • masseoverføring (diffusjon) - transport av materie. Matematisk:

Innan industriell bruk skjer desse tre transportane ofte samstundes, noko som er ein av grunnane til at emnet har oppstått. Berre i unntakstilfelle finst ein eller to av desse transportane utan at den tredje skjer.

Matematisk kan dei tre grunnleggjande transportane skildrast på ein lik måte (sjå over). Dette gjer i sin tur at ein kan løyse problem på ein likeverdig måte. I dei generelle tilfella brukar ein ofte eller alltid i dag numeriske dataprogram (CFD, computational fluid dynamics) for å løyse oppgåvene.

Emnet kan studerast på tre ulike nivå; makroskopisk, mikroskopisk og molekylært. Dei makroskopiske studia innrettar seg på innkomande og utgåande verdiar frå ein prosess. Prosessen i seg sjølv blir ikkje studert i dette tilfellet. Bernoulli-likninga er eit kjent resultat i desse studia. Mikroskopisk studerer ein eit mindre volum for å få ei betre lokal skildring. På molekylært nivå studerer ein dei grunnleggjande prinsippa.

Transportprosessar studerast på alle tekniske høgskular rundt om i verda. Ein nyttar seg ofte av termodynamikken for å berekne start og sluttverdien og transportprosessar for å løyse problemet om kva som skjer mellom desse ytterpunkta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]