Travelin' Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Travelin' Band
Singel av Creedence Clearwater Revival
frå albumet Cosmo's Factory
B-side «Who'll Stop the Rain»
Utgjeve Januar 1970
Sjanger Rock and roll, roots rock
Lengd 2:08
Selskap Fantasy
Låtskrivar(ar) John Fogerty
Produsent John Fogerty
Creedence Clearwater Revival-kronologi
«Fortunate Son»
(1969)
Travelin' Band «Up Around the Bend»
(1970)


«Travelin' Band» er ein song skriven av John Fogerty og opphavleg spelt inn av Creedence Clearwater Revival. Han vart gjeven ut på albumet deira Cosmo's Factory i 1970. Med «Who'll Stop the Rain» på andre sida var han ein av tre doble A-sida singlar frå det albumet som nådde Topp 5 på poplista i USA og den første av to som nådde andreplassen, i lag med «Lookin' Out My Back Door». «Travelin' Band» var òg ein hit i Storbritannia, der han nådde åttandeplassen på UK Singles Chart. I Noreg nådde singelen fjerdeplassen.

Songen var inspirert, både musikalsk og vokalmessig, av rock and roll-songar frå 1950-åra, særleg dei av Little Richard. I oktober 1972 meinte selskapet som hadde rettane til Richard sin «Good Golly, Miss Molly» at «Travelin' Band» var altfor lik og saksøkte Fogerty for plagiat. Dei kom til forlik i retten. Teksten av songen skildrar livet for ein musikar på turné.

Songen har vorte spelt av fleire andre artistar, mellom anna Elton John, som spelte inn ein versjon tidleg i karrieren sin. Jerry Lee Lewis song songen i lag med Fogerty på albumet Last Man Standing.

Songen finst i den brasilianske filmen O Homem Que Copiava.

18. april 2010 framførte Miranda Lambert, Carrie Underwood, Brad Paisley, Charlie Daniels og John Fogerty songen i lag under opninga av Academy of Country Music Awards.

Heile «Travelin' Band» vert spelt under ein slosskampscene i den tredje episoden av fjernsynsserien The Good Guys.[1]

Songen er spelbar i videospelet Rock Band.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Good Guys, Broken Door Theory, FOX TV, aired, June 14, 2010, 8-9pm, MDT