Tre Cime di Lavaredo

Koordinatar: 46°37′7″N 12°18′20″E / 46.61861°N 12.30556°E / 46.61861; 12.30556
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tre Cime di Lavaredo
fjell
Nordveggane av Tre Cime di Lavaredo
Land  Italia
Fjellkjede Dolomittane
Høgd 2 999 moh.
Førstestiging 21. august 1869
Koordinatar 46°37′7″N 12°18′20″E / 46.61861°N 12.30556°E / 46.61861; 12.30556
Kart
Tre Cime di Lavaredo
46°37′07″N 12°18′20″E / 46.618611°N 12.305556°E / 46.618611; 12.305556
Wikimedia Commons: Tre Cime di Lavaredo

Tre Cime di Lavaredo (italiensk for «dei tre Lavaredo-toppane», på tysk kalla Drei Zinnen) er tre karakteristiske fjelltindar i Dolomittane i Italia og ei av dei mest kjende fjellgruppene i Alpane. Nordsida av fjellet er ein av dei seks store nordsidene i Alpane.

Fram til 1919 danna toppane ein del av grensa mellom Italia og Austerrike. I dag ligg dei innanfor den italienske grensa i provinsane Bolzano og Belluno. Den største av dei tre toppane er 2 999 meter over havet. Han står mellom den minste toppen (2 857 moh) og den vestlegaste (2 973 moh).

Førsteklatring[endre | endre wikiteksten]

Den første klatringa av den store toppen vart utført 21. august 1869 av Paul Grohmann med guidane Franz Innerkofler og Peter Salcher. Den vestlegaste toppen vart klatra på dagen ti år seinare av Michel Innerkofler med G. Ploner. Den minste toppen av den siste av dei tre til å verte klatra. Det skjedde 25. juli 1881 av Michel og Hans Innerkofler. Den minste av dei tre toppane vert rekna som den vanskelegaste av dei tre.

Emilio Comici var den første som klatra nordsida av den store toppen i 1933. Denne delvis utskytande nordveggen vert framleis rekna som ein av dei seks store nordsidene i Alpane av fjellklatrarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]