Tre nøtter til Askepott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Drei Haselnüsse für Aschenbrödel
Tři oříšky pro Popelku

Norsk tittel: Tre nøtter til Askepott
Språk Tsjekkisk og tysk
Regissør Václav Vorlíček
Produsent Miroslav Hájek, Barbara Leuschner
Manus Božena Němcová, Bohumila Zelenková
Musikk Karel Svoboda
Sjeffotograf Josef Illík
Klipp Miroslav Hájek, Barbara Leuschner
Lengd 82 min.
IMDb-profil

Tre nøtter til Askepott (opphavlege titlar Drei Haselnüsse für Aschenbrödel på tysk og Tři oříšky pro Popelku på tsjekkisk) er ein austtysk-tsjekkoslovakisk eventyrfilm frå 1973. Filmen byggjer på ein tsjekkoslovakisk versjon av eventyret om Askepott, og er ein populær julefilm fleire stader i Europa.

Utstilling om filmen ved Schloß Moritzburg.

Produkjson[endre | endre wikiteksten]

Tre nøtter til Askepott byggjer på eit eventyr av Božena Němcová, ein bøhmisk variant over Askepottforteljinga. Filmen blei produsert av dei to filmstudioa DEFA-Studio für Spielfilme og Barrandov. Han blei regissert av Václav Vorlíček og hadde Libuše Šafránková, Pavel Trávníček, Carola Braunbock, Rolf Hoppe og Karin Lesch i hovudrollene. Skodespelarane snakka morsmålet sitt, anten tysk eller tsjekkisk, under innspelinga. Det framande språket blei så dubba for kvar språkversjon.

Filmen er teken opp i filmstudioet i Babelsberg i Potsdam utanfor Berlin, i Barrandovs studio i Praha, og forskjellige stader i Böhmen i det dåverande Tsjekkoslovakia. Godset i filmen er borga Švihov (Schwihau), og skogscenene er tekne opp i Böhmerwald, begge stader i den vestlege delen av Böhmen ved grensa mot Bayern. Kongeslottet i filmen er Schloß Moritzburg i den tyske delstaten Sachsen.

Musikken blei komponert av Karel Svoboda. Tittellåten i filmen er framført av den tsjekkiske tenoren Karel Gott.

Vising[endre | endre wikiteksten]

Filmen hadde internasjonal premiere i Berlin i 1973. Han er seinare blitt send årleg i fjernsyn på julaftan i Tyskland, Tsjekkia, Slovakia og Sveits. Forteljaren i den norske versjonen er Knut Risan, og filmen blei vist for første gong på NRK 3. januar 1975.[1] Seinare har NRK sendt filmen på julaften fleire gongar mellom 1978 og 1994, og fast kvart år sidan 1996.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Borga Švihov (Schwihau), vest i Bøhmen (Tsjekkia), blei brukt som godset Askepott kom frå.
Fleire av scenene i filmen blei tekne opp i Böhmerwald.

Godseigardottera Askepott (Libuše Šafránková) har ei vanskeleg stilling etter at far hennar er død. Stemor hennar (Carola Braunbock) tvingar henne til å jobba som tenestejente medan ho sjølv og dottera hennar lever livet. Alt Askepott har att sjølv er hesten Jurášek, hunden Kasperle og eit smykkeskrin vakta av ugla Rozárka.

Filmen byrjar med at kongen (Rolf Hoppe) og dronninga (Karin Lesch) med følgje vitjar godset, og stemora klarer å overtala kongen til å invitera henne og dottera, Dora (Daniela Hlaváčová), på ball.

Askepott, som er blitt send vekk under kongebesøket, møter prinsen (Pavel Trávníček) og dei to venene hans ute i skogen. Prinsen har stukke av frå pliktene sine for å gå på jakt, men Askepott stoppar han frå å skyta ein hjort ved hjelp av ein snøball. Dei tre gutane prøver å fanga Askepott, som dei trur er ein gut, men ho kjem seg unna.

Kusken på godset, Vincek, reiser seinare til byen for å kjøpa stoff til Dora sin ballkjole. Askepott, som vaskar klede i bekken, seier spøkefullt til han at han kan ta med tilbake til henne det som fell ned på nasen hans. På turen sovnar han, og vaknar av at ein kvist med tre nøtter skoten ned av prinsen landar på nasen hans. Han tek med nøttene heim og gjev dei til Askepott.

Eikvar av nøttene viser seg å ha magisk innhald. Den førte inneheld ei ridedrakt som gjer at Askepott kan delta på jakt saman med prinsen, der ho viser seg som meisterskyttar og vinn jaktkonkurransen. Den andre nøtta gjev ein vakker ballkjole som ho kan gå på det kongelege ballet med. Askepott gøymer ansiktet sitt med eit slør og dansar med prinsen. Ho nektar å fortelja han kven ho er, men gjev han ei gåte som hintar til dei gongene dei har møtt kvarandre. Så forlèt ho ballet og rid heim på hesten sin. Prinsen og venene hans følgjer etter heilt til godset.

Kort tid etter kjem Dora og stemora tilbake frå ballet. Dei overrumplar Askepott og tek kleda hennar. Dora blir kledd ut som Askepott med ansiktet skjult, og stemora lurar prinsen til å følgja etter Dora i sleda. Etter ei vill jakt veltar sleda uti eit vatn, og prinsen oppdagar lureriet. Han dreg tilbake til godset, men utan å finna Askepott. Då kjem ho ridande iført kleda frå den siste nøtta, ein kvit brurekjole. Etter at prinsen har fridd og fått «ja» rir dei vidare i lag.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Askepott heiter i den tyske versjonen «Aschenbrödel» og på tsjekkisk «Popelka». Forma Popelku i den tsjekkiske tittelen er ei akkusativform av namnet.

Rolleliste[endre | endre wikiteksten]

Rolle Skodespelar Nasjonalitet
Askepott Libuše Šafránková Tsjekkoslovakia
Prinsen Pavel Trávníček Tsjekkoslovakia
Stemor Carola Braunbock Aust-Tyskland
Dora Dana Hlaváčová Tsjekkoslovakia
Kongen Rolf Hoppe Aust-Tyskland
Dronninga Karin Lesch Aust-Tyskland
Vincek Vladimír Menšík Tsjekkoslovakia
Læremeister (Preceptor) Jan Libíček Tsjekkoslovakia
Hushaldarinne Míla Myslíková Tsjekkoslovakia
Kamil (prinsens følgjesvein) Vítězslav Jandák Tsjekkoslovakia
Vitek (prinsens følgjesvein) Jaroslav Drbohlav Tsjekkoslovakia
Jegermeister Miloš Vavruška Tsjekkoslovakia
Kjøkengut Jiří Růžicka Tsjekkoslovakia
Stor dame på ballet Helena Růžičková Tsjekkoslovakia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fortellerstemmen bak Askepott. Studvest.no. Oppgjeve av Bokmåls-Wikipedia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]