Trebukkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trebukkar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Biller Coleoptera
Underorden: Polyphaga
Overfamilie: Chrysomeloidea
Familie: Trebukkar Cerambycidae
Latreille, 1802

Trebukkar (Cerambycidae) er ein familie biller som finst over heile verda. Dei er lettast å kjenne att på dei lange antennene, som ofte er mykje lengre enn sjølve kroppen. Stundom kan ein forveksla dei med bladbiller (Chrysomelidae), men i motsetnad til desse har trebukkane to taggar i spissen av skinnebeina (tibiae). Artane i familien er planteetarar som hovudsakleg går på vedplantar, bortsett frå nokre få urtelevande artar.

Mange trebukkar er økonomisk viktige skadedyr. Her i Noreg er det særleg husbukken som gjer alvorleg skade på treverk, men òg andre artar kan finna på ugagn. Det er hovudsakleg larvane som er problemet; desse borar seg i treet og et av veden.

Om lag 35 000 trebukkartar er beskrive. 625 er registrerte i Europa, og 90 er registrerte som naturlege i Noreg. I tillegg er det funne ein del utanlandske artar som har kome med importert trevirke.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Trebukkane sine viktigaste kjenneteikn er dei lange følehorna og taggane på skinnebeina. I tillegg til dette har dei kraftige kjevar (mandiblar); noko dei treng for å gnaga seg ut av veden dei utviklar seg i. Mange artar har i tillegg lange og ofte tjukke bein òg.

Sett i høve til mange andre insekt er trebukkane særs store. Den største arten i verda er 17 cm lang, heiter Titanus giganteus og lever i Amazonas. I Noreg vert den største arten opp mot 45 mm lang, medan gjennomsnittleg kroppslengd er mellom 1 og 1,5 cm.

Trebukklarvar er òg særeigne. Som regel er dei kvite (eller gulkvite) med brun hovudkapsel og kraftige kjevar. Dei har langstrekte, tydeleg segmenterte kroppar og er viktige i nedbryting av daud ved.

Systematikk og evolusjon[endre | endre wikiteksten]

Trebukkar høyrer saman med mellom andre bladbiller til overfamilien Chrysomeloidea, som saman med Curculionoidea (m.a. borkbiller og snutebiller) utgjer den monofyletiske gruppa Phytophaga. Dei har mange trekk til felles, mellom anna er det fjerde tåsegmentet på kvar fot forminska så det ikkje går an å sjå det. Søstergruppa til trebukkane er familien Vesperidae, som somme meiner bør reknast til same familie.

Etter Ehnström og Holmer (2007) delar ein trebukkane inn i seks underfamiliar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ehnström, B. & Holmer, M. (2007): Nationalnyckeln till Sveriges flora och fauna. Skalbaggar: Långhorningar. Coleoptera: Cerambycidae. ArtDatabanken, SLU, Uppsala.
  • Norges biller
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.