Trebukken garvar
Trebukken garvar | ||
Systematikk | ||
Rekkje: | Arthropoda | |
Underrekkje: | Hexapoda | |
Klasse: | Insecta | |
Underklasse: | Pterogyta | |
Infraklasse: | Neoptera | |
Orden: | Coleoptera | |
Familie: | Cerambycidae | |
Slekt: | Prionus | |
Vitskapleg namn | ||
Prionus coriarus |
Ein garvar er ein billeart i trebukkfamilien. Han finst over store delar av Europa, både på lauv- og bartre, men er særs sjeldan i Noreg. Han finst berre i Agder og Telemark, og er ikkje funnen meir enn tre gongar sidan krigen. Norsk raudliste 2006 listar han som sterkt truga av utrydding på grunn av hogst.
Levesett[endre | endre wikiteksten]
Garvarane lever mesteparten av livet sitt som larvar i daudt tre. Han er ikkje artsspesifikk, men kan gå på ei rekkje ulike treslag. I Noreg reknar ein med at han stort sett heldt seg til furu og kanskje til ein viss grad òg bøk.
I Europa har ein observert at garvarar har brukt tre år eller meir i larvestadiet sitt. Dei forpuppar seg i juni til juli. Dei vaksne insekta kjem fram på seinsommaren om lag ein månad etter, formeirar seg og døyr til vinteren. Dei er nattaktive og vert tiltrekte av lys.