Tredje Doctor Who

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tredje Doctor Who var spela av Jon Pertwee som hadde rolla som Doctor Who frå 1970 til 1974. Denne doktoren var den første som vart send i fargefjernsyn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Andre Doctor Who vart tvinga til regenerering og eksil frå Gallifrey etter ei rekkje brot på direktiva til tidshovdingane. Tredje Doktor vart funnen utanfor Tardisen av folk frå UNIT som berga han inn, og han var i teneste for dei så lenge Tardisen ikkje virka. Med tida vart bannet hans løyst, og han kunne reise att. I 1974 laut han redde menneska (og ein annan planet) frå ein kongroklan med vonde siktemål, men krystallinsk stråling tærde på han slik at han braut saman då han kom att. Han døydde og vart regenerert som Fjerde Doktor Who.

Framtoning[endre | endre wikiteksten]

Denne doktoren synte seg som noko av ein aristokrat, gjekk gjerne med fløyelsdress og rysjeklut i halsen. Jon Pertwee var noko gråsprengd, og vart med tida heilt kvit i håret, noko som understreka det aristokratiske ved han. I eit møte med Første Doktor Who vart han feidd av med replikken: "Så dette er dei som tok over etter meg: ein dandy og ein klovn!" (klovnen var Andre Doktor Who). Doktoren var open, danna og noko høgferdig, men fekk eit godt forhold til felagane sine. Siste forteljinga han var med i påpeikte at det var høgmotet som tok livet av han. Doktoren var oppteken av tekniske nyvinningar, og køyrde gjerne rundt i ein gul bil han kalla Bessie.

Felagar[endre | endre wikiteksten]

det militære personellet på Unit var mykje med i desse åra, spesielt Brigadier Lethbridge-Stuart og sersjanten Benton. Elles hadde doktoren selskap av labassistenten Liz Shaw, og ungjenta Josephine Grant. Etter at Jo gifta seg, vart ho avløyst av Sarah Jane Smith. Ho gjekk i arv til Fjerde Doctor Who.