Treeiningskyrkja i Antarktis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 62°11′47″ S 58°58′19″ W
Treeiningskyrkja
kyrkje
2005-02-25 Trinity Church at Bellingshaussen, Antarctica.jpg
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad King George Island
 - koordinatar 62°11′47″ S 58°58′19″ W
Administrert under Antarktistraktaten

Treeiningskyrkja i Antarktis
62°11′47″ S 58°57′35″ W
Treeiningskyrkja i Antarktis is located in Antarktis
Treeiningskyrkja i Antarktis (Antarktis)
Wikimedia Commons: Trinity Church, Antarctica

Treeiningskyrkja (russisk Церковь Святой Троицы, Tserkov Svjatov Troits) er ei lita russisk-ortodoks kyrkje på King George Island nær den russiske Bellingshausen-stasjonen i Antarktis. Han er den sørlegaste austleg-ortodokse [1] kyrkja[2] i verda.

Inne i kyrkja i 2005
Treiningskyrkja om kvelden, 2005.

Prosjektet starta i 1990-åra. Ved hjelp av donasjonar frå heile Russland vart det oppretta ein organisasjon som utlyste ein arkitektkonkurranse vart utlyst. Kyrkja er ein 15 meter høg trebygning bygt i tradisjonell russisk stil. Han kan ta imot opp til 30 personar. Bygningen vart bygd av sibirfuru av snekkarar frå Altaj, så skrudd frå kvarandre, frakta til Kaliningrad og så med båt til King George Island av det russisk forsyningsskipet «Academician Vavilov». Kyrkja vart så sett opp på ein ås oppom Bellingshausen-stasjonen.[3] Ikonostasen i kyrkja vart laga av målarar frå Palekh. Kyrkja vart vigsla den 15. februar 2004.[4][5]

Ein eller to ortodokse prestar held til i kyrkja året rundt. Prestane er munkar frå Troitse-Sergijeva Lavra.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. verda Wide Antarctic Program. A Catholic Church i Antarktis ... a Challenge frå WAP, 29 januar 2006. Visited 15 April 2006.
  2. [[St. Ivan Rilski-kapellet|]] ved den bulgarske St. Kliment Ohridski-basen er eit ortodoks kapell som ligg enn lenger sør, medan Chapel of Snows i Antarktis ved den amerikanske McMurdo-basen er den sørlegaste religiøse bygningen i verda.
  3. Анна ПАЛЬЧЕВА (Anna Palcheva) (4.02.05). «Настоятель Антарктиды (Antarktis's parish priest)» (på russisk) (№4(11)).  (Interview with Father Kallistrat)
  4. p.8
  5. p.10

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]