Trefninga ved Lindesnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elleveårskrigen som del av den store nordiske krigen
Dato 26. til 27. juli 1714
Stad Farvatnet mellom Lindesnes og Skagen
Resultat Uavgjort
Partar
Sverige Danmark-Noreg
Kommandantar
kaptein Bactman Kapteinløytnant Peter Wessel
Styrkar
Fregatten «De Olbing Galley» med 28 kanonar og 90 til 150 mann Fregatten «Løvendals Gallej» med 18 kanonar og 100 mann
Tap
4 døde og 6 sårede eller over 20 døde og såra, kanskje meir. 7 døde og 21 såra etter ulike kjelder

Trefninga ved Lindesnes i juli 1714 var eit sjøslag i farvatnet mellom Lindesnes i Norge og Skagen i Danmark.

Slaget er ein legendarisk kamp i noregshistoria der sjøhelten Peter Wessel ikkje berre slost sin lengste og hardaste sjøkamp, men også utførte ein gest i slutten som blei vidkjend i ettertida. Kampen var også eit vendepunkt i militærkarrieren til den unge offiseren, ettersom han gjorde at Wessel kom i kontakt med dei høgtståande sjøoffiserane i orlogsflåten då han blei stilt for krigsrett i etterkant, og frifunnen.

Statue av Peter Wessel Tordenskiold på Rådhusplassen i Oslo.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga av juli 1714 la «De Olbing Galley», ein fregatt med 28 kanonar, ut frå London for eit koffarditokt til Vest-India. Men dei forsigla ordrane som den engelske kapteinen Bactman tok fram ute til havs viste seg å vera eit svensk kaperbrev. Dette var statleg løyve til å kapra skip under fiendtleg flagg, føra dei til ei vennleg hamn og få utbetalt ein del av verdien til skipet og lasta.

Sjøtrefninga[endre | endre wikiteksten]

I 1714 sigla Peter Wessel i fregatten «Løvendals Gallej» med 18 kanonar på krysstokt i Skagerrak og Kattegat på jakt etter svenske kaperskip. Om ettermiddagen 26. juli 1714 mellom Lindesnes og Skagen førte Wessel nederlandsk flagg for å unngå å varsle tiltenkte bytte. Då såg han ein stor fregatt under engelsk flagg nærma seg, «De Olbing Galley». Etter å ha passert skipet til Wessel la fregatten plutseleg om kursen, skaut to skot og heiste det svenske flagget. Wessel heiste då det danske flagget og vende skipet sitt om frå den utsette stillinga det hadde, og retta så kraftig skyts mot krigsskipet. Han hadde bestemt seg for å kjempa mot det, sjølv om skipet var større, med fleire kanonar og fleire menn.

I over tre timar låg dei to fregattane side om side medan dei skaut salve etter salve mot kvarandre med kanonane. Ved ti-tida om kvelde tenkte kaptein Bactman å setta alle segl for å koma seg unna i mørket med skipet i behald. Etter at Wessel hadde fått dei verste skadane reparert, kunne han lett ta igjen den andre fregatten, som også var blitt hardt skada i den lange trefninga. Så kom det til ein ny samanstøyt som varte i nesten to timar til like over midnatt. Bactman mista storråen på stormasta, men Wessel måtte bryte av fordi det var kome store skadar som måtte reparerast på hans eige skip.

Ved seks-tida om morgonen 27. juli 1714 braka dei laus att i ein tredje samanstøyt, som varte i tre timer. Begge skipa fekk omfattande skadar. «De Olbing Galley» fekk fleire av rærne i riggen skotne sund, medan «Løvendals Gallej» fekk tre grunnskot under vasslinja og skade på rær, master og segl. Skadane var så store at begge måtte stoppa eldgjevinga ei stund for å unngå at skipa skulle søkkja på grunn av dei. Likevel ville ingen gje seg. Etter fleire nye timar med nødreparasjonar kom det til ein fjerde samanstøyt utpå ettermiddagen.

Etter ein times ny strid var endeleg «De Olbing Galley» i ferd med å overgje seg. Nett då blei Wessel fortald at dei nesten var gått tomme for krut, med berre nok att til tre-fire skot på kvar kanon. Wessel ville først entra fienden, men i vest-nord-vest vind med ustadig sjø og høge dønningar lét det seg ikkje gjera. Han måtte la den svenske fregatten sleppa unna.

Gesten[endre | endre wikiteksten]

Som avslutting på slaget sende Peter Wessel ein trompetér over til fiendeskipet og beklaga at han hadde slept opp for krut, men at Bactman var velkommen ombord i hans skip for å helsa. Dette avslo kapteinen. Etter at trompeteren var komen tilbake til Wessel sitt skip og hadde rapportert, tok Wessel roperten og spurde Bactman om han kunne låna han litt krut. Som Wessel sjølv sa seinare: «Jeg bad ellers min Contra Part vilde laane mig noget, det vilde han icke, Saa det maatte saa blifve, til Gud behager vi Findes igien.»

Dei to kapteinane drakk kvar sin skål til kvarandre og mannskapet på kvart skip ropte hurra. Deretter skildest dei likeverdige motstandarane.

Tap[endre | endre wikiteksten]

Øydeleggingane på begge fregattane var svært store. Det tok Wessel fire dagar å koma seg inn til Flekkerøy ved Kristiansand med riggen nesten ubrukeleg, med store strukturelle skadar og fleire grunnskot. 7 av mannskapet hans hadde døydd og 21 var såra. Bactman sigla austover, og ved hjelp av berre eit lommekompass kom «De Olbing Galley» seg fram til Marstrand utan både stormast og mesanmast. Etter reparasjonen blei fregatten omdøypt til «Princess Ulrica Eleonora». Seniare blei skipet gjeve til kaperen Lars Gathe og omdøypt til «Svenska Islandsfareren».

Krigsrett[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1714 vedtok den dansk-norske kongen å stilla Wessel for krigsrett, anklaga for å ha gjeve viktig militærinformasjon til fienden om at han mangla ammunisjon, og for å ha sett kongen sitt skip i fare ved å ha slost mot ein sterkare fiende. Krigsretten fann stad ombord på «Løvendals Galley» den 28. november 1714. Fleire høgtståande herrar i orlogsflåten deltok, som Ulrik C. Gyldenløve, admiralane Raben og Barfoed og viseadmiralane Just Juel, Judichær og Trojel. Dei fekk innsikt i saken ved at anklagaren Friise forhøyrde Wessel, som forsvarte seg utmerka og imponerte mange. I desember 1714 blei Wessel frikjend, og kort tid etterpå forfremma til kaptein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]