Treg masse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Treg masse er massen til ein lekam oppfatta som eit mål for tregleiken til lekamen, altså den massen som opptrer i Newtons andre lov. Massen til lekamen slik han opptrer i gravitasjonslova, blir kalla tung eller graviterande masse. Lekamen skapar ei gravitasjonkraft som er proporsjonal med den graviterande massen til lekamen. Ein grunnidé i relativitetsteorien til Albert Einstein er at treig masse og tung masse er av same natur og identiske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]