Trekanten i Asker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Trekanten er namnet på eit stort bygningskompleks på Asker i Asker kommune. Her er kjøpesenter, ymse kontor, restaurantar og kafear, og dessutan eit større parkeringshus. Namnet Trekanten skriv seg frå det trekanta, hallande jordet som låg her tidlegare.

Komplekset ligg i skråningane nedanfor Asker rådhus, og er for ein stor del bygd nede i ei grop som vart teke ut i sjølve skråninga, slik at mykje av det ligg under terrengnivået. Så jamvel om komplekset er i fleire høgder, dominerer det ikkje så mykje i høve til omgjevnaden som volumet skulle tilseie.

Asker kulturhus ligg i tilknyting til dette komplekset, men har eigen hovudinngang.

Kommunen kjøpte det trekanta jordet i 1979 av eigaren av garden Østre Asker, og utgravinga av tomta vart sett i gang same året. I 1980 tok sjølve byggjearbeidet til på det som vart det største byggjeprosjektet i Sør-Noreg på denne tida. Komplekset stod ferdig i 1982, og kjøpesenteret vart opna sjuande mai dette året. Seinare har Trekanten vorte utvida i fleire byggjesteg, og eit «Nye Trekanten» stod ferdig i 1997. Nye utvidingar vart gjort 1998-99 og i 2003, slik at Trekanten vart til saman på 18800 rutemeter til utleige til forretningsdrift og liknande, og 8800 rutemeter kontorlokale. I tillegg var det i bygningskomplekset eit parkeringshus med 800 plassar som hadde beinveges tilknyting til kjøpesenteret.

Det var i si tid stor motstand i Asker mot å byggje Trekanten, og jamvel kravd at spørsmålet skulle leggjast fram i ei rådgjevande folkerøysting. Men kravet om folkerøysting vart avvist i kommunestyret med 35 mot 12 røyster.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Per Otto Borgen. 2006. Asker og Bærum leksikon, side 514. Forlaget for by- og bygdehistorie, Drammen. ISBN 82-91649-10-3.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjøpesenterets internettside