Trekongemøtet 1914

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kongane på balkongen til lensresidensen i Malmö. Frå venstre Christian X, Gustaf V og Haakon VII.
Minnekort med dei tre kongane i medaljongar over lensresidenshuset på Stortorget i Malmö

Trekongemøtet 1914 var eit internasjonalt møte som fann stad den 18.–19. desember 1914. Då samla dei tre nordiske kongane Christian X av Danmark, Håkon VII av Noreg og Gustaf V av Sverige seg saman med utanriksministrane Scavenius, Wallenberg og Ihlen på lensresidensen i Malmö for samtalar etter utbrotet av fyrste verdskrigen. Den svenske og norske kongen kom med tog frå Stockholm og Oslo, medan den danske kongen kom over Øresund med marinefarkosten «Heimdal». Utover middagar og høgtidelege talar, var det forhandlingar om økonomiske og folkerettslige spørsmål som hadde med krigen å gjera.[1] Eit resultat vart at dei stadfesta semje om nøytralitetslinja.[2]

I november 1917 blei det halde endå eit trekongemøte i Oslo.[3]

Statssjefmøte ved utbrotet av andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Eit liknande trekongemøte vart føreslått av Christian X av Danmark etter utbrotet av andre verdskrigen i september 1939. Det kom i stand i Stockholm i oktober same år, i form av eit statssjefmøte mellom dei tre kongane, og dessutan saman med den finske presidenten Kyösti Kallio.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Trekongemødet i Malmø». 12. november 2014. 
  2. Trekungamötet i Malmö 1914
  3. Giverholt, Helge (9. juni 2017), «Trekongemøtet», Store norske leksikon 
  4. Om trekungamötet 1914 på mitthjartasmalmo.sjå, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 9. juni 2017