Trenčín

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trenčín
Trenčínborga frå brua over Váh
Trenčínborga frå brua over Váh
Trenčínborga frå brua over Váh
Plassering
Trenčín is located in Slovakia
Styresmakter
Land  Slovakia
Kraj Trenčín kraj
Grunnlagd Om lag 150 e. Kr.
Geografi
Flatevidd
 - By

81,996 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

56 760
  692,2 /km²
Koordinatar 48°53′31″N 18°02′12″EKoordinatar: 48°53′31″N 18°02′12″E
Høgd over havet 211 moh
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 91101
Retningsnummer (tlf) +421-32
Bilnummer TN
Nettstad: www.trencin.sk
Sentrum av Trenčín

Trenčín (tysk Trentschin, ungarsk Trencsén) er ein by vest i Slovakia ved elva Váh nær grensa til Tsjekkia og rundt 120 km frå Bratislava. Han har litt over 55 000 innbyggjarar og er sete i Trenčín kraj og Trenčín okres. På ei klippe ovanfor byen står ei mellomalderborg.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Byen vart først nemnd med det greske namnet Leukaristos, og vart avteikna på verdskartet til Ptolemaios rundt 150 e.Kr. Under makromannarkrigane mellom Romarriket og dei germanske qaudane gjorde romarane ein inskripsjon i 179 e.Kr. i berget under borga som står der i dag. Staden vart då kalla Laugaricio. Byen er det nordlegaste ein veit romarane kom i Sentral-Europa.

Den første skriftlege kjelda i mellomalderen er frå 1111 (som Treinchen) og 1113 (adjektivet Trenciniensis).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Trenčín har vore busett i lange tider. Trenčínborga, ei typisk mellomalderborg, står på ei høg klippe ovanfor byen. Trenčín er ein av fleire mogeleg stader som kan ha vore hovudstad i Samoriket på 600-talet. Wogastisburg låg truleg ein stad nær elva Vah og var åstad for eit avgjerande slag mellom slavarane og frankarane i 631.

Trenčínborga vart truleg bygd i Stor-Mähren-perioden. Mot slutten av 1000-talet hadde byen vorte det administrative senteret i Trenčín fylke. Som ein av dei få steinborgene i Kongedømet Ungarn, klatre dei å stå imot mongolinvasjonen i 1241. I 1263 var Trenčín underlagt Jakab Cseszneky, ein kongeleg sverdberar, men i 1302 tok Wenceslas I han frå Cseszneky-brørne, fordi dei støtta rivalen hans Karl Robert. Han gav i staden byen til Matteus Csák. Mellom 1302 og 1321 var borga sete for den mektige magnaten Matteus Csák som kontrollerte det meste av dagens Slovakia. Han utfordra makta til kong Karl Robert, hadde eit stort hoff og førte sin eigen utanrikspolitikk. Trentschin-traktaten mellom Böhmen, Ungarn og Polen vart signert i byen i 1335.

Trenčín fekk mange privilegium i mellomalderen. I 1324 slapp innbyggjarane å betale skatt og byen fekk status som fri kongeleg by i 1412 av kong Sigismund. I hundreåra framover vart byen råka av fleire katastrofar og krigar som varte fram til slutten av 1700-talet. I konflikten mellom Habsburgmonarkiet og dei som støtta rivalen János Szapolyai vart byen erobra i 1528 av troppane til keisaren. På 1600-talet var Det osmanske riket ein anna trugsel frå sør, men dei klarte aldri å ta byen. Byen vart så råka av Kuruc-opprøret mot habsburgarane og 3. august 1708 fann slaget ved Trenčín stad nær byen. To år seinare tok pest livet av 1600 innbyggjarar. I 1790 vart byen brend ned i lag med borga, og borga har vore i ruinar sidan den gong.

På 1800-talet blømde Trenčín då jernbanane til Žilina og Bratislava vart lagt til byen. Mange nye føretak vart då grunnlagd, særleg innan tekstil-, mat- og maskinindustrien. I 1867 mista Trenčín status som fri kongeleg by og kom under direkte kontroll av leiaren i Trenčín fylke. Trenčín blømde i den første tida som del av Tsjekkoslovakia og vart hovudstad i Trenčín fylke igjen mellom 1940-1945 då vasallstaten Slovakia eksisterte. Kort tid etter det slovakiske nasjonalopprøret starta, vart Trenčín okkupert av Nazi-Tyskland og vart hovudkvarteret for Sicherheitsdienst og Gestapo. Det låg då ein fengselsleir her. Trenčín vart frigjeve av sovjetiske troppar den 10. april 1945.

Sidan 1990 har det historiske senteret i byen stort sett vorte bygd opp att.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Trenčín frå Wikivoyage