Trengereid stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk


Trengereid stasjon
Trengereid stasjon nær.JPG
Trengereid stasjon i 2007.
Foto: Svein Harkestad
Stasjonsområde
Stad Trengereid
Koordinatar 60°25′45″N 5°37′27″EKoordinatar: 60°25′45″N 5°37′27″E
Distanse 452,41 km. frå Oslo
Høgd 15,7 moh.
Opna 1883
Arkitekt Balthazar Lange
Linjer og rutedrift
Linje(r) Bergensbanen
Overgang
Plassering
Trengereid stasjon is located in Hordaland

Trengereid stasjon ligg på Trengereid i Bergen kommune i Hordaland og er ein stasjon på Bergensbanen. Han vart opna i 1883 som del av Vossabanen. Det er lokaltoga som går Bergen-Voss-Myrdal som stoppar ved stasjonen. Frå 1883 til 1894 vart stasjonsnamnet skrive Trængereid.[1]

Tog ved Trengereid stasjon i 2007.
Foto: Svein Harkestad
Tog ved Trengereid stasjon på slutten av 1800-talet

Trengereid ligg mellom Bogegrend haldeplass og Takvam haldeplass, 452,41 km frå Oslo.

Stasjonsbygningen er teikna av Balthazar Lange, og vart oppført etter ein typeteikning kalla fjerde klasse som også vart nytta til Nesttun stasjon (sidan flytt til Ygre stasjon), Haukeland stasjon, Arna stasjon, Stanghelle stasjon, Dale stasjon (sidan flytt til Reimegrend stasjon), Bolstadøyri stasjon, Evanger stasjon og Bulken stasjonVossabanen.[2] Då Bergensbanen vart opna vart mange av desse stasjonsbygningane forlenga.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Trengereid» i Stasjonsdatabasen til Norsk Jernbaneklubb».  Vitja 5. desember 2009
  2. Eivind Hartmann, Øistein Mangset, Øyvind Reisegg (1997). Neste stasjon : En guide til jernbanens arkitekturhistorie. Oslo: Gyldendal. s. 141. ISBN 8205252947. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]