Hopp til innhald

Tresco

Tresco
Flyfoto av Tresco
Flyfoto av Tresco
Geografi
StadAtlanterhavet
Koordinatar49°57′23″N 6°19′55″W / 49.9563°N 6.3319°W / 49.9563; -6.3319
ØygruppeScillyøyane
Areal2,97 km²
Lengd3,5 km
Breidd1,75 km
Administrasjon
LandEngland
GrevskapCornwall
Demografi
Folketal180 (2001)
Folketettleik61 /km²

Tresco (kornisk Ynys Skaw) er den nest største av Scillyøyane i Cornwall i England. Ho er 2,97 km² stor og har 180 innbyggjarar (2001). Øya er om lag 3,5 km lang og 1,75 km brei.

Øya vart tidlegare kalla Trescaw[1] og vart skildra som 'St. Nicholas' av ein abbed i 1193.

Sidan 2001 har det vorte halde eit maratonløp på øya, der ein spring 7,5 gongar rundt øya.[2].

Dei fleste innbyggjarane bur i landsbyane New Grimsby og Old Grimsby midt på øya. Her finn ein butikk, postkontor, eit kunstgalleri, ein pub og eit hotell. Sør på øya ligg den subtropiske Tresco Abbey Gardens og Tresco Heliport.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. 'The Scilly Islands', Magna Britannia: volume 3: Cornwall. 1814. s. 330-337. Henta 14 november 2009.
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 2009-04-26, henta 2010-01-26 {{citation}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)