Tresfjord kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°31′19″N 7°8′17″E

Tresfjord kyrkje
kyrkje
Tresfjord.jpg

Foto: Henny Stokseth

Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Indre Romsdal
Sokn Tresfjord
Fellesråd Vestnes
Type Åttekantkyrkje
Arkitekt Erik Kroken
Teknikk Tømring
Material Tre
Innvigd 1828
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 270
Wikimedia Commons: Tresfjord kirke
Tresfjord kyrkje is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Tresfjord kyrkje

Tresfjord kyrkje er ei åttekantkyrkjeSylte inst i Tresfjorden i Vestnes kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1828 og er bygd i lafteverk og kledd med bordkledning. Arkitekt var Erik Kroken. Ho er den eldste kyrkja i Vestnes kommune. Kyrkja har 270 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Dekorasjonene i Tresfjord kirke, som er uhyre raffinert gjort, streifer vår egen tids arkitektoniske ide både hva enkelhet og stringent farvebehandling angår. Kirken som er av tømmer, minner om et stort telt i sin reisning og innvendig er den av en høyst egenartet type, bygget som et tempeltelt båret av fire søyler. Teltarkitekturen betones av det lette, blå-stjernete loft som spendt ut over søylene mellem hvitkalkete vegger med en frise under taket nedentil avsluttet med lambreguins, en tunget draperibord.

Tresfjord kyrkje blei restaurert til 100-årsminne i 1927–1929. Ho blei grundig reparert og restaurert igjen i 2006–2007, etter at ho ein periode måtte støttast opp med wire. Kyrkja er rikt dekorert, og noko av interiøret er frå ei tidlegare kyrkje.

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Sulta kirkja» er nemnt i Trondhjems reformats 1589. Kjeldene tyder på at det rundt 1600 sto to kyrkjer på Sylte (eller Kyrkjesylte) i Tresfjord, ei gammal forfallen og ei nyare. I 1690 vart det oppført ei korskyrkje av treverk litt lenger vest for noverande bygg. Tårnet var relativt høgt og plassert midt på, veggane var kledd med bord. Material fra 1690-bygget vart gjenbrukt og er fortsatt å finne i gardsbygg i området. Eit sakristiglas frå 1634 vart brukt i kyrkja frå 1690, gjenbrukt i eit våningshus og er no på museum i Trondheim. Sakristiglaset er blyinnfatta og har tekst og bilete i fleire fargar. Preikestolen og ein del anna inventar brukt opp att i noverande bygg. Kyrkja med tilhøyrande eigedom vart i 1721 selgd og kjøpt tilbake av 84 bønder i 1782 (Tresfjord kommune innløyste desse kyrkjelutane i 1902).[1]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eidhamar, K. og T. Skeidsvoll (1978): Tresfjord kyrkje 1828-1978. Utgjeve av soknerådet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]